mandag 27. juli 2009

Ein mislukka skogstur.

I dag pakka vi pølser og saft i sekken og la i vei til gapahuken.Der skulle vi finne nokre tre som skal bli portstolpar i gjerdet rundt campingvogna til svigermor.Her går Oliver først og viser veg.
Framme ved gapahuken såg vi at det var maur overalt.Likevel fyrte vi opp bålet og tenkte at vi må no grille litt.Men det vart eit lite triveleg grillmåltid.Mauren var alle stader,inni klea,utapå klea og i maten.Og den BEIT!!!Oliver prøvde å grille men gav opp då andre pølsa hadde dotte av pinnen og ned i bålet fordi han stod og hoppa opp og ned for å få minst muleg maur på seg.
Dette dyret var og med på å skremme oss heim igjen .Det var stort(ca4 cm) og ekkelt og veldig nærgåande.

Så det vart å grille i full fart, sløkke bålet og gå heim.Portstolpar fann vi så i mårå tidleg reiser vi tilDønfoss camping og bygger gjerde.






4 kommentarer:

Anonym sa...

Monsteret ditt var nok berre ein jordkveps eller trekveps eller ka det no heite, ikkje noke farlig eller noke..

Linda sa...

hæ? har oldisssa fått seg campingvogn?

kjipt med nærgåande insekt... bah!

Rosa sa...

å hufsle meg! Eg hadde nok fått panikk lenge før bålet var tend, trur eg..

Lukke til med gjerdebygging!

Strikkebesta sa...

Så irriterande at turen vart øydelagt av maurkravling, men spanande med ukjende insekt! Kika innom på forrige innlegg også det du verkeleg hadde sett farge på hytteinnbu, smakfullt med tradisjonsrike fargar. Lukke til med gjerdestolpane.