søndag 2. august 2009

Turen til dønfoss...

...som skulle vere på 1 døgn vart til 4. Planane vart forandra undervegs .Her er vi komt til campingvogna på Dønfoss og gutane er i full sving og bygge Bioniclefigurar.
Torsdag reiste vi til Hunderfossen.Dessverre regna det heile tida , men det var lite folk så gutane fekk prøve mykje på den tida vi var der.

















Her melde eg meg frivillig som fotograf.





Dagen vart avslutt med kinamat.
Fredag morgon regna det også så då var det berre å pakke og reise. Gutane reiste heim med Lena og Kevin og vi reiste vidare til Rustberg camping.Der hadde vi ein fin grillkveld med Trollkåno og Rosa og mennene deira.

Lørdag var vi på Mjøsmarknaden. Der gjekk vi 5-6 timar før vi sette oss i bilen og køyrde heim.Litt tråd fekk eg kjøpt og.Hadde eit bilde til med tråd men det vart visst ikkje med.

Her heime går dagane med sykling og leiking og sidan veiret er bra i dag så skal vi ein tur i skogen no.


















3 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Triveleg med aktivitetar saman med borneborna, og eg kan tenkje meg det var kjekt å grille saman med bloggevenner:) Deileg strikketråd, kjøpte bitte litt eg også når eg såg mitt snitt til åstikke inn på ein strikke butikk i Regensburg:)
Ønskjer deg ei god veke.

Trollkåno sa...

Takk for sist!
Kjekt.....me kom heim ca kl 23 sundag kveld.

Linda sa...

sjå der ja, ser ut til at de har nok å henge fingrane i!;)
berre synd det regna... får håpe denne veka får masse sol!!!