onsdag 26. august 2009

Skal eg måle eller ikkje ?

Tidleg i sommar kjøpte eg eit skåp på ein bruktbutikk.Det har stått på låven i mange veker men i dag tok karane og bar det i hus.Det er over 1.50 breitt så det trenge litt plass,og det var berre ein plass i stova det kunne stå.Men no klarar eg ikkje å bestemme meg om det skal målast eller ikkje. Så no skal det brukast som det er til eg har funne ut om eg skal gjere noko med det.

4 kommentarer:

Linda sa...

eg syns at kvite tremøblar er veldig flotte eg då;) men skåpet er fint uansett trur eg!

Trollkåno sa...

Trur jammen eg ville målt det......kunne godt målt meir kvitt, eg.....men møter ein viss motstand.......

Villmarkstausa sa...

Mal det;-)) Kommer til å bli knallfint med hvitt!!

Strikkebesta sa...

Forstår dilemmaet ditt. Hadde det vore fullt av kvister i treverket ville eg ikkje ha vore i tvil, men det er fint, kvistfritt treverk som er godt å sjå på slik det er også. Lurt av deg å bruke litt tid før du bestemmer deg!