I dag har eg teke bilde av nokre av blomstrane mine.Sidan det vart mange bilde så måtte eg og lære å sette dei sammen. Eg trudde det var vanskeleg ,men så viste det seg at det var veldig enkelt.Først er det Georginer.Dei har eg sådd sjølv og dei skal eg heilt sikkert ha neste år og.Dei er veldig lette å få til.Eg sådde eindel Petunia og men dei for vinden så stygt med tidlegare i veka at det var ikkje noko å ta bilde av.Dei var like enkle å få til som georginene så dei blir det meir av til våren.Må berre passe på å få blanda fargar for dei eg hadde no var alle same farge.
Roser har eg aldri hatt før,men eg kjøpte 3 stk på Plantasjen.Dei er litt små og puslete men blomstrar fint og det kjem stadig nye knoppar.Vis dei overlever vinteren så håpar eg dei veks seg større neste sommar.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Grøne fingrar der òg, ja........masse flotte blomar!!!
Kjempe dine blomstrar, og grøne fingrar. Og fiskane veks og trivast i dammen din? Mine har iallefall vakse i sommar. Ha ei fin veka.
Legg inn en kommentar