Fredagskvelden på hytta fann vi ut at lørdag skulle vi ta oss ein skikkeleg fjelltur .Vi starta dagen med ein solid frukost .Det var meldt fint veir så vi pakka fiskestong , utstyr til å fyre opp bål og heldigvis kvar si ullskjorte .

Då vi hadde gått eit stykke kom vi på at vi hadde gløymt fyrstikker så mannen ville gå nedigjen og hente . Eg tok sekken og rusla vidare. Hadde ikkje gått lenge før eg møtte han her.Må innrømme at eg ikkje likte så godt å ha han so nær(ca 20 m).

Vi møtte han igjen fleire gongar .

Litt energi må ein ha innimellom

Her ser vi litt av breimsvatnet langt nede (litt dårleg bilde)

Fine haustfargar.

Her ser vi nesten heimigjen .


So var vi framme .Her ligg 7 små vatn på rekke . Noken av dei er fisk i , men vi kunne gløyme både fisking og bålbrenning for det var så kaldt .Prøvde oss på litt fisking men etter få minutt hadde vi "naglebet ". Då var ullskjorta god å ha . Då var det og slutt på batteriet på kamera så det var berre å gå heim. Neste gong skal eg lade kamera før vi reiser og ha med meir kle(og ikkje stole heilt på veirmeldinga).