onsdag 13. juni 2012

Gensar nr 2 .

Gensar nr 2 som er til Gwen er ferdig. Den er strikka i str 8 år. Det grå er Smart og dei andre fargane er litt diverse som eg hadde liggande.Så spørst det om prinsesser går med grå gensar.
 Mønsteret står i dette heftet og der er og mønsteret til uglegensaren i forrige innlegg.

lørdag 2. juni 2012

Uglegensar.

Uglegensaren til Oscar er omsider ferdig. Har brukt lang tid men sånn er det vel når ein strikkar på fleire ting på samme tid.Skal strikke gensarar til alle dei 6 borneborna og uglegensaren er den første som er ferdig.
Den er strikka i Viking superwash og er størrelse 4 år.

 I går fikk eg pakke i posten. Var så heldig at eg vann hos gamleheksa.Fin og mjuk alpakka og ull. Trur eg skal strikke meg vottar av dette. Te og sjokolade var det og med i pakken . TUSEN TAKK !!