Strikka dei tidleg i vår, la dei til sides og der vart dei liggande.No er sommaren slutt og sokkane er ubrukte, så no får dei ligge til neste sommar. Så får eg prøve å hugse på å bruke dei då.

Strikka i Safran bomullsgarn. Jordbær og blad er strikka i restar av bomullsgarn.Mønsteret står i ei bok som heiter Fabelaktige føtter og koselige tær.Ei bok med 25 ulike sokkemønster.

4 par herresokkar som eg har strikka til ein som frys på føtene.strikka i Treskogarn og Mor Åse raggagarn.