tirsdag 31. mars 2009

Søte nåleputer

For nokre dagar sia kom eg over ei oppskrift på nåleputer som eg tykte var så fine.Og så er det vel sånn at når ein ser noko ein likar så må det berre prøvast.Desse er hekla i bomull men det går sikkert like bra med ulltråd.Og så er det ein fin måte å få brukt litt restar.





















søndag 29. mars 2009

Flått i mars?

Eg trudde ikkje det var liv i flåtten so tidleg på våren , men der tok eg feil.Fredag oppdaga vi at eine katten hadde ein .Det som er like rart er at denne katten har ikkje vore ute av huset på mange veker, så kanskje flåtten har vore på ein av dei andre kattane som er ute om natta og så flytta over på denne etter at den kom inn.Grunnen til at denne katten er inne kan du lese om her






lørdag 28. mars 2009

Ein dag i skogen

I lenger tid no har vi planlagt å ta ein dag i skogen og bygge oss ein gapahuk. I dag var veiret ganske bra sjølv om det ikkje var sol. Vi pakka sekkane fulle av pølser,kakao ,brus ,kaffi, hammar ,spikar ja alt vi hadde bruk for og la i vei. Her er ein del av gjengen nesten komt fram.


Framme på plassen var det fram med kaffien og så begynde å planlegge .

Endå meir planlegging.


Så vart noken tre saga ned for å ha noke å bygge av.


Alle mann i arbeid (iallfall nesten alle). Eg var sjølvutnemt bålsjef og stod for det meste og passa på at det ikkje slokna.



Etter noken timars arbeid var alle svoltne så då vart det grilling av pølser. Og det var ikkje få pølser som vart grilla på dette bålet .

Oliver bar ved og la på bålet.

Så langt kom vi i dag og vi må nok bruke noken dagar til før vi har fått det sånn som vi vil ha det. Trur alle tykte det var ein fin dag bortsett frå at det måtte selvfølgeleg begynde å snø!!!!!!!

Og no er det heilt kvitt ute igjen.













tirsdag 24. mars 2009

Det er visst håp likevel...

.... om at det snart er vår. I dag skin sola og fuglane syng(det gjorde dei forresten søndag og i snødrevet.Eg har vore litt spent på om løkane som eg planta seint i haust kom til å overleve sia mange av dei var begynt å spire når eg planta dei.I dag fann eg iallfall ein som det er liv i så er det berre å håpe at resten og kjem.

Det er vel snart på tide å så frø og. Må visst stad å få tak i litt meir for det er no litt stussleg med berre denne !



søndag 22. mars 2009

Å eg som trudde...

...det var vår, men her har det snøa "trollkjerringar"i heile dag.

lørdag 21. mars 2009

Lange sokkar

For ei veke sia fekk eg eit ønskje frå ei som ville ha lange sokkar og fargeønskje var svart og rosa.Dei er strikka i Silja på pinnar nr 2.5 .

tirsdag 17. mars 2009

Englemaskesjal

I det siste har eg hekla fire englemaskesjal. Eit i naturkvitt.
Eit i rosa
eit i lyseblått.

Har eit i mørkeblått og men det vart lyseblått på bilde når det var åleine. Her er alle fire og då vart det rett farge på det mørkeblå. Merkelege greier at fargen ikkje vart lik på begge bilda.


Fint mønster og veldig enkelt å hekle.





søndag 15. mars 2009

Ein kattegensar..

..er ferdig. Den har vore ferdig ei stund men den har ikkje fått knappar før i dag.Den er strikka i Silja.Framme er det ein stor katt..

..og bak er det to mindre.


Og ein kattegensar må selvfølgeleg ha katteknappar !!





lørdag 14. mars 2009

Jakke,hue og sokkar...

...til vesle SkinloSharp.Har dei siste dagane strikka meir til barnebarnet som kjem i juni. H*n måtte no ha ei jakke og her er den. Strikka i babyull og sjølvlaga mønster.

På nederste delen har eg brukt samme mønster som på teppet lenger nede. knappane har eg berre lagt laust på.Dei vil eg vente med til eg veit om dei skal vere rosa eller blå. Eller kanskje det blir treknappar.
Så har eg strikke ei rosa hue.Dette er vel "gutehue" men eg strikkar dei til jenter og for dei sit så godt på.
..og ei blå..

Og eit par sokkar...



Her er heile greia. Kjekt med sånne små ting som går FORT!!!







onsdag 11. mars 2009

Salt og pepar

ja her er salt og peparbøssesamlinga mi.Etter å ha samla i ca 13 år så har eg komt opp i ca 600 par.Mykje har eg kjøpt sjølv på loppemarked og bruktbutikkar men eg har fått ein god del og.

Alle har fått kvart sitt nummer ...

og er ført inn i denne boka.Der skriv eg kor eg har kjøpt dei eller kven eg har fått dei av.







Eg har to fulle skåp og treng to til for å få plass til alt.










søndag 8. mars 2009

Grøss og Gru !!!!!

Endå eit innlegg om kjedelege sokkar i kjedelege fargar.Dette er frå venstre par nr.25-26-27-28-29 og 30 i år.Trur eg skal nå målet og ha strikka eit par for veka dette året.

onsdag 4. mars 2009

Vesle SkinloSharp...

...sitt første babyteppe er ferdig.Dette vart eit litt "seigt" arbeid for eg brukte ei heil veke.Teppet er ca 80*80 cm.
Eg brukte denne tråden som eg fann i trådkaoset mitt. Den er 60% bomull og40% superwash ull og er supermjuk.
Eg brukte eit enkelt mønster(2 vrange og 2 rette) sånn at teppet vart likt på begge sider.

Sidan vesle SkinlSharp ikkje kjem til verda før ca 1 juni så måtte ei dokke stille opp som modell.