lørdag 28. mars 2009

Ein dag i skogen

I lenger tid no har vi planlagt å ta ein dag i skogen og bygge oss ein gapahuk. I dag var veiret ganske bra sjølv om det ikkje var sol. Vi pakka sekkane fulle av pølser,kakao ,brus ,kaffi, hammar ,spikar ja alt vi hadde bruk for og la i vei. Her er ein del av gjengen nesten komt fram.


Framme på plassen var det fram med kaffien og så begynde å planlegge .

Endå meir planlegging.


Så vart noken tre saga ned for å ha noke å bygge av.


Alle mann i arbeid (iallfall nesten alle). Eg var sjølvutnemt bålsjef og stod for det meste og passa på at det ikkje slokna.



Etter noken timars arbeid var alle svoltne så då vart det grilling av pølser. Og det var ikkje få pølser som vart grilla på dette bålet .

Oliver bar ved og la på bålet.

Så langt kom vi i dag og vi må nok bruke noken dagar til før vi har fått det sånn som vi vil ha det. Trur alle tykte det var ein fin dag bortsett frå at det måtte selvfølgeleg begynde å snø!!!!!!!

Og no er det heilt kvitt ute igjen.













4 kommentarer:

Cloudberry sa...

Det er kodelig å ha en fast plass med gapahuk å gå til! Og denne så veldig fin ut.
Vi bygde oss en i høst :)

Orlaug sa...

Detta såg koseleg ut....heile familien i arbeid.
Viktig å passe bålet (og maten).
Ha ein god sundag!

Linda sa...

åh, ditta såg kjekkt ut!! viktigaste jobben er jo bålsjef, ja-a;)

kjekkt å sjå dei voksne litt og!!

Ha ein fin søndag!;)

NestenPerfekt sa...

Hei, tusen takk for koselig besøk på bloggen vår :o) Du er hjertelig velkommen tilbake, og du kan bestille nesten hva som helst ;) Ha en fin-fin søndag! Hilsen Linda, Jill og Hanne