mandag 27. juli 2009

Ein mislukka skogstur.

I dag pakka vi pølser og saft i sekken og la i vei til gapahuken.Der skulle vi finne nokre tre som skal bli portstolpar i gjerdet rundt campingvogna til svigermor.Her går Oliver først og viser veg.
Framme ved gapahuken såg vi at det var maur overalt.Likevel fyrte vi opp bålet og tenkte at vi må no grille litt.Men det vart eit lite triveleg grillmåltid.Mauren var alle stader,inni klea,utapå klea og i maten.Og den BEIT!!!Oliver prøvde å grille men gav opp då andre pølsa hadde dotte av pinnen og ned i bålet fordi han stod og hoppa opp og ned for å få minst muleg maur på seg.
Dette dyret var og med på å skremme oss heim igjen .Det var stort(ca4 cm) og ekkelt og veldig nærgåande.

Så det vart å grille i full fart, sløkke bålet og gå heim.Portstolpar fann vi så i mårå tidleg reiser vi tilDønfoss camping og bygger gjerde.






Måling på hytta.

Ja det vart litt måling.Det første eg tok var skåpet og det vart sånn.
Så målte eg denne hylla.
Den vart sånn.Mykje finare enn den var før.

Så denne hylla.

Den vart sånn.Litt kjedeleg så eg lurer på om eg skal ha litt grønt på den.


Og så bordet.Det vart grønt.


Denne karen møter vi på veg til og frå hytta.









lørdag 25. juli 2009

Jau, det er liv i meg.

Dei siste vekene har eg hatt nok med å gå på jobb,men no er det 3 veker ferie og det skal bli GODT !!! Ingen planar er lagt så det blir ein roleg ferie der vi gjere det vi har lyst til.I dag går vi ein tur på hytta og blir til i morgon. Vis eg får arbeidslyst så skal eg måle litt på skåpet som vi tok opp tidlegare i sommar.
Bilda her er av eit fløytesett eg kjøpte på QXL i vår.Tykte det var så fint at eg MÅTTE BERRE HA DET!!!! Det var det fleire som tenkte og,så det vart litt dyrt men eg vann !


torsdag 9. juli 2009

Ein liten fiskerapport.

Fiskane er no veldig tamme. Kjem så snart ein stikk handa ned i vatnet.

tirsdag 7. juli 2009

Sokkar

Har tatt meg sammen og festa trådane på 8 par sokkar .Dei tre til venstre er strikka i Raggegarn, dei to neste i litt ymse restar,det første av dei små er Silja,det i midten er av eit sokkegarn eg kjøpte i Nederland då vi var der i haust.Det heilt til høgre er Silja som eg har farga sjølv med Kool Aid.Det skulle vore med eit par til for eg strikka eit då vi var i Nederland i vår ,men det la eg igjen der nede.Så no er eg komt til 40 par i år. Då skal eg lett klare 52 par i år.

søndag 5. juli 2009

Sokketråd.

Eg har fylt opp lageret med sokketråd. Ikkje verdens mest spennande tråd,men det er dette eg får tak i her for utvalget er ikkje så stort.

fredag 3. juli 2009

Her sit eg på ein fredagsettermiddag..

Med eit stort glas vatn m/sitron og sokkestrikket mitt.

onsdag 1. juli 2009

Fiskane likar seg i dammen

10 gullfisk og 5 koi vart sleppte ut i dammen sist fredag. No er 2 av gullfiskane vekke. Eine daua første dagen og den andre er berre vekke.Håpar det ikkje er ein katt som har vore på fisketur.Dei som er igjen ser ut som dei har det bra.
Det er ikkje lett å få gode bilder for dei er aldri i ro.Første dagane var dei veldig sky, men no er dei ikkje så redde.
I gårkveld sat Nina og plaska med eine handa i vatnet og då kom dei heilt bort til handa hennar.Etterpå måtte Oliver prøve og dei kom med ein gong . I helga må vi få til filter og pumpe og fortsette med det som skal vere rundt dammen. Planane er store og tida går fort så det vert nok eit prosjekt som kjem til å ta tid.