Vi har føre oss litt av eit arbeid denne vinteren. Vi skal pusse opp 150 slike stolar.Eit strøk heftgrunn på treverket og eit med anti-rust på røra og så eit strøk måling på heile stolen.

Før og etter bilder.Fargen er ikkje så lys som det viser her.
Trur det skal bli veldig bra ,men det blir mykje arbeid så det er bra vi er mange som kan hjelpe til.Grunnen til opp-pussinga er at til sommaren skal vi feire bryllaup her på garden og då må vi ha skikkelege stolar.Bord manglar vi endå ,men kanskje ordnar det seg og i løpet av vinteren.


Stolane stod på eit nedlagt evangeliesenter og vi fekk dei mot at vi henta dei.Når eg ser alle på ein gong er det nesten som eg lurer på om vi kjem til å bli pittelitt leie før vi er ferdige.
Med på lasset var og ein kjøpmannsbenk,ein stor kommode,litt storkjøkkeninnreiing og diverse småting.