..eg strikkar endå ,sjølv om det ikkje ser sånn ut på bloggen. Men desse teppa som eg helde på med tar litt tid og eg klarar ikkje å slutte med dei. Så snart eg er ferdig med eit så startar eg på eit nytt.På dette starta eg med 3 m og auka 1 m i byrjinga på kvar pinne til eg var komt halvvegs og så felte eg 1 m på kvar pinne til det var 3 m igjen.

Det er strikka i 100% ull og eg lurte på å tove det bittelitt men sidan eg har brukt to ulike garntypar så torde eg ikkje det i tilfelle dei tova ulikt.
Har eit teppe til som er ferdigstrikka men det er strikka i remser så der står monteringa igjen , men det kjem om få dagar.