har strikka eit par lange sokkar til eldste dotter. Fargane bestemte ho for eit år sidan så det er vel på tide at dei vart ferdige. Strikka i Silja på pinnar nr 3 denne gongen.

Så hadde eg bestemt meg for å ikkje strikke fleire
Nepaltepper no , men som de ser så heldt ikkje det lenge.

Har brukt opp det meste av restane mine (berre babyull igjen) så no blir det teppe av dette.
Det raude og gule er 100% ull og det lilla er 55% ull og45% alpakka.

Babyullrestane skal eg bruke til prematurstrikk. Fann denne
sida for eit par dagar sidan så i går laga eg dette vesle settet som er babyborn størrelse .
No må eg dra fram symaskina og montere ei Fanajakke.
2 kommentarer:
Flotte strømper - igjen:-) Så flink du er til å strikke til gode formål. Det står respekt av det.
Ønsker deg ei god helg - her feirer vi gullet til Johaug!
Flotte sokkar att. Flink du er som brukar opp restegarnet på napaltepper. ha ein fin kveld.
Legg inn en kommentar