lørdag 30. januar 2010

Oliver sin nye gensar.

Oliver trengte ny gensar for den eg strikka i fjor var altfor liten.Hadde bestemt meg for at det skulle vere raglanfelling på den for å sleppe den forbaska monteringa.Men då eg såg dette mønsteret så gløymde eg all raglanfelling ,for denne må vere heilt perfekt til ein som fekk sitt første snøbrett då han ikkje var stort meir enn to år.Mønsteret er i ein Smartkatalog og den er strikka i Smart.
Var litt redd for at den skulle vere litt liten ,men som de ser så passar den heilt flott.Trur han likte den for han ser bra fornøgd ut her.


onsdag 27. januar 2010

Tredje par.

Tredje par i år er desse som er strikka i Silja og mønsteret fann eg hos Garnstudio. På mønsteret var dei strikka i andre fargar og der var det og ein tredje farge.
Desse skal leggast til side og kanskje blir dei ein julepresang.
Har tenkt å starte tidlegare i år enn i fjor, då ikkje alt eingong vart ferdig til jul.

søndag 24. januar 2010

Første skitur i år.

I dag har vi pussa støvet av skia våre og vore på tur.Støvete var dei for eg trur det må vere bortimot 10 år sidan sist dei var brukte.Turen starta her på Utvikfjellet og enda på hytta. Veldig lite snø så skitrekket har ikkje starta opp endå.
Yr lova oss sol utpå dag men den såg vi ikkje noko til.I staden var det litt snø i lufta.
Her er vi komt ut på høgda og skal renne ned til hytta som ligg langt nede omtrent midt i bildet.Det var denne delen av turen eg hadde gleda meg mest til ,men det gjekk ikkje sånn som eg hadde planlagt.
Snøen var heilt ubrukeleg å renne på for den var som sukker å gå på og vi seig langt ned. Så i staden for å "suse"nedover vart det ein tung tur der vi gjekk med snø nesten opp til kne.

Endeleg nesten framme.


Oliver og gjengen kom rett etter oss. Dei hadde gått på trugar opp gjennom skogen.

Så vart det grilling av pølser,kaffi og kakao.







lørdag 16. januar 2010

Ein dress som vart litt for stor.

Den er strikka i 100% ull ,men den vart litt i største laget.Håpar det er så mykje igjen av vinteren at Oscar kan få brukt den litt før sommaren kjem.Garnet var i det store "garnkuppet"og er nok ikkje lenger å få kjøpt men det heiter iallfall Douceur no 4.
Hua vart litt stor den og , so passar no dressen og den i det minste sammen.Oscar ser litt bedrøva ut her men han venta på middag og det er ikkje så lett å vere glad når ein er skikkeleg svolten.

Glad blir ein derimot når ein ser ut. Sånn har veiret vore i mange veker no.Sola er komt tilbake etter å ha vore vekke i 5-6 veker og den verste kulden har gjett seg for i kveld er det 0 grader ute.



onsdag 13. januar 2010

Årets første strikking.

Ikkje akurat noko å skryte av,men må ha dei med likevel.Sokkane strikka eg til yngste dottera i huset som bur på ein iskald hybel.Ho fekk dei med seg søndag kveld så dei har nok varma føtene hennar desse dagane.Heldigvis har den verste kulden gjett seg no så i kveld er det "berre"-5 her.
Som ei litt forsinka julegåve til søstra mi strikka eg eit skjerf og hanskar i gammalrosa Alpaca. Søndag føremiddag ringte ho og lurte på om eg kunne strikke ei hue og.Heldigvis hadde eg litt tråd igjen så søndag kveld lagde eg denne hua. Då eg var ferdig vog eg det som var igjen av tråd og det var berre 2 gram ,så der hadde eg flaks. Imorgon tidleg skal denne hua på tur til London og eg håpar eigaren m/reisefølgje får ein flott tur !!


tirsdag 5. januar 2010

Skåpet er måla.

I eit tidlegare innlegg hadde eg bilde av eit skåp som eg hadde kjøpte på ein bruktbutikk.Eg var veldig i tvil om eg skulle måle det eller ha det sånn som det var.Dei fleste meinte at eg skulle måle det og sånn vart det.
Og eg må seie at det har eg ikkje angra på , for eg tykkjer det er blitt fint. Kan nesten ikkje tru det er samme skåpet.Mykje arbeid var det og det var berre såvidt vi vart ferdige til julafta ,men no ser det sånn ut og eg er veldig fornøgd.

Oppe der glasdørene er har eg sett ting som berre er til pynt.Eit blått fruktsett frå Figgjo Flint, ein kopp som eg fekk då eg var lita,litt andre koppar,ein barnetallerk som eg har arva etter mor mi og muggar frå Stavanger flint og Figgjo flint.



lørdag 2. januar 2010

gløymde !!

Av og til går det litt for fort i svingane her for i går når eg såg over bilda med strikkating så kom eg ikkje på at eg hadde ein minnepenn med masse bilder frå 2009. I dag har eg gått og tenkt på at det er noko som manglar og så kom eg plutseleg på den og der var bilder frå dei første fem månadane av året.Så her er resten av produksjonen i 2009.

fredag 1. januar 2010

Godt nyttår !!!!!

Her har det vore stilt ja , men no skal eg prøve å skjerpe meg. Planane for desember var nok for store og tida for knapp og det gjekk utover blogginga.Men no prøvar eg igjen med nytt mot og har sett sammen bilder av ein del av det som vart strikka i fjor.Nokre julegåver vart levert før eg fekk tid å ta bilder av dei og ei er faktisk ikkje ferdig endå så det får bli ei nyttårsgåve.Det manglar nok bilder av eindel sokkar for etter oppteljing kom eg fram til at eg har strikka 81 par.Ser at det igrunn er like bra at eg ikkje har bilder av alle for her er rikeleg med sokkebilder med det som er.