søndag 21. november 2010

Ein ufo......

..er ferdig. Desse sokkane har eg hatt liggande halvferdige i fleire år, men no tok eg dei fram og gjorde dei ferdige.
Strikka i Silja på pinnar nr.2.5 og størrelsen er ca.38.



mandag 15. november 2010

Blånissevottar

Oliver ville ha blånissevottar og sånne ønskjer må ein berre seie ja til.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
Tovinga gjekk fort,men eg var nok uheldig for det var visst litt lo i vaskemaskina så vottane har litt kvita prikkar. Strikka i str. 6-9 år og med mønster frå eit hefte som heiter Månetoppen.


lørdag 13. november 2010

Grilling i November.

I kveld etter at det var blitt mørkt tok vi på oss godt med kle, fyrte opp i ein gammal grill med ved og grilla pølser,drakk kakao og gløgg.
Alle dei 5 borneborna var med.
Trur dei tre nederlandske borneborna tykte det var litt rart å grille ute i snøen og mørkna.
Etter maten var det fram med kjelkar og akebrett.
Trur det er noken små som kjem til å sove godt i natt.

fredag 12. november 2010

Jakke til Emilie

Jakke,hue og sokkar til ei lita jente på 4 mnd. Har strikka det i str. 6 mnd og håpar at det er stort nok.
Enkelt men fint flettemønster.
Strikka i Dale babyull og mønsteret fann eg i eit Dalehefte som heiter Baby Hentesett.Alle jakkene i det heftet har raglan eller rundfelling så ein slepp montering.




tirsdag 9. november 2010

Litt småtteri.

Ei ullbukse str. 2 år. Strikka i Lanett.
Sokkar strikka i viking Sportsragg. Desse er ca 36-37 og dei har eg gjett vekk for lenge sidan.
3 par lange sokkar som er strikka i Jarbo garn.Desse er veldig raske å strikke for eg trur eg brukar pinnar nr. 3,5.

4 par vottar til Oscar.Denne gongen har eg tvinna snorer som eg har sydd på så dei ikkje kjem "vekk" frå kvarandre. Desse er strikka i restar av Smart og Rubin. Har brukt mykje av restane som eg hadde liggande på vottar og sokkar no i haust.
I dag har eg fri, det er kaldt ute (-8,5) , eg skal fyre i ovnen og strikke rosa snurresokkar til ei lita jente.






onsdag 3. november 2010

Setesdalsgensar

Har strikka gensar til Oscar. Mønsteret heiter Setesdal og eg fann det i eit gammalt mønsterhefte frå Gjestal.No har eg ikkje følgt mønsteret heilt for mønsteret på hua skule vore øverst på armane,men eg strikka berre "lus" der.
Gensaren er strikka i Silja og er størrelse 2 år og den passa heilt fint.