lørdag 29. august 2009

Gensar til Oscar

Mønsteret fann eg i Gjestalhefte nr. 176.Den skulle strikkast i babyull,men eg har brukt det eg hadde i hyllene mine så det vart 3 ulike sortar tråd. Det mørkeblå er Babyull,det lyseblå er Daletta og det grøne er Silja.Huemønsteret er det som eg har i ei minst 30 år gammal oppskriftsbok og sokkane er frå Myk start-boka.
Her har han fått det på seg og sjølv om eg strikka det i 6 mnd så passar det bra til han som er 3 mnd.


onsdag 26. august 2009

Skal eg måle eller ikkje ?

Tidleg i sommar kjøpte eg eit skåp på ein bruktbutikk.Det har stått på låven i mange veker men i dag tok karane og bar det i hus.Det er over 1.50 breitt så det trenge litt plass,og det var berre ein plass i stova det kunne stå.Men no klarar eg ikkje å bestemme meg om det skal målast eller ikkje. Så no skal det brukast som det er til eg har funne ut om eg skal gjere noko med det.

søndag 23. august 2009

Eit blomsterinnlegg.

I dag har eg teke bilde av nokre av blomstrane mine.Sidan det vart mange bilde så måtte eg og lære å sette dei sammen. Eg trudde det var vanskeleg ,men så viste det seg at det var veldig enkelt.Først er det Georginer.Dei har eg sådd sjølv og dei skal eg heilt sikkert ha neste år og.Dei er veldig lette å få til.Eg sådde eindel Petunia og men dei for vinden så stygt med tidlegare i veka at det var ikkje noko å ta bilde av.Dei var like enkle å få til som georginene så dei blir det meir av til våren.Må berre passe på å få blanda fargar for dei eg hadde no var alle same farge.
Roser har eg aldri hatt før,men eg kjøpte 3 stk på Plantasjen.Dei er litt små og puslete men blomstrar fint og det kjem stadig nye knoppar.Vis dei overlever vinteren så håpar eg dei veks seg større neste sommar.

Solsikkene trur eg det er noko alvorleg gale med.Den på bilde til venstre er berre 35 cm høg.Kanskje har dei fått for mykje gjødsel for dei har kjempestore blad.

Staudar som eg har planta i vår/sommar.Nokre av dei vart ståande altfor lenge i pottene så dei er litt små,men dei kjem seg nok til neste sommar.





Og så Erteblomster.Det sår eg alltid kvar vår.I år er dei veldig høge og så luktar dei kjempegodt.







tirsdag 18. august 2009

Sokkar,sokkar,sokkar.

Av sommarstrikkinga mi vart det berre sokkar. 21 par i ulike størrelsar.Håpar berre dei passar ellers så må eg vel lage fleire.Akkurat no har eg slett ikkje lyst til det for utruleg nok er eg litt lei sokkar og strikkar på noko heilt anna.

torsdag 13. august 2009

Ein våt og kald hyttetur

Tysdag pakka vi sekkane og gjekk på hytta.Veirmeldingane var ikkje dei beste men sidan det er siste veka i ferien så ville vi gå likevel.Vått og kaldt var det og på verandaen var det berre termodress og tovatøfler som var godt nok.
I går kveld skulle vi fiske og då var det fortsatt skodde og regn.Men med ull-og regnkle vart det fisketur.Og fisk fekk vi. 13 stk. Nokre av dei var så små at vi tok dei ikkje med,men vi hadde rikeleg med kveldsmat likevel.

Utover kvelden letta skodda og veiret vart fint.







mandag 10. august 2009

Det er stilt i huset i kveld..

Chris er reist tilbake til Nederland og Oliver heim til seg.Tante Nina reiste i lag med Chris så slapp han å reise åleine og så får ho seg ein liten tur før skulen startar igjen.Det har vore to veker fulle av liv og fart og desse to har hatt det veldig kjekt i lag. Har ikkje høyrt at dei har krangla ein einaste gong.Eg har heller ikkje tal på alle isane dei har klart å få i seg.Så håpar eg at det ikkje blir så altfor lenge til dei får treffast igjen.
På veg tilbake frå Bergen var eg innom fabrikkutsalget til Hillesvåg ullvarefabrikk.Det har eg tenkt på mange gongar når vi har køyrt forbi men det har aldri passa.I dag var vi tidleg ute så då var det ope.Eg vart litt skuffa over trådutvalget, men eg fann ut at når eg endeleg var der så måtte eg kjøpe noko. Så det vart 6 hesper sokketråd.Er ikkje heilt sikker på kva det heiter men eg meinar det var Ragg.No skal eg ut og nyte siste resten av sommaren.Det er siste ferieveka mi og den skal brukast til siste minutt


søndag 9. august 2009

Chris har ridd på Per.

I dag mota han seg opp og rei likevel.

Vi jobbar med dammen.

Og no går det fort framover.Den nye blir mykje mindre enn den første og det var sånn eg hadde tenkt det.Mellom dei skal det renne ei elv.Den svarte stampen som står der er filteret som rensar vatnet.Den stampen skal byttast ut med noko mykje større og flyttast lenger vekk og byggast inn så den ikkje viser så godt.

lørdag 8. august 2009

Alle mann i arbeid.

Nokon målar hus.
Andre lagar dam.
Og her sit den litt slappare data og tv-gjengen.




På besøk hos Per

I går var gutane på besøk hos Per.Før vi reiste var dei veldig bestemt på at dei skulle ri,men når dei kom bort på Fjordhestgarden og såg Per vart dei litt i tvil.Først måtte dei klappe han litt.
Trur kanskje dei tykte denne var litt meir passeleg størrelse.

Oliver var med inn og pussa litt.
Og medan tante Monica gjorde hesten klar så sat dei og venta i ei vogn.


Chris fann fort ut at dette torer eg ikkje,men Oliver hadde velidig lyst så etter litt tenking så bestemte han seg for å prøve.Og sånn må det gjerast når ein skal opp på ein stor hest.



Det var ikkje så skummelt likevel.






fredag 7. august 2009

Hol i plenen.

Vi held på å grave eit hol i plenen. Og kva skal det bli ? Jau ein dam til.Mindre enn den første .Hadde ein del duk igjen så størrelsen på denne dammen er det duken som bestemmer.

onsdag 5. august 2009

Litt bilder til Mamma Linda.

Søndag tok vi ein tur i skogen.Vi kunne ikkje gå til gapahuken fordi der er så mykje maur,så vi fann oss ein anna stad uten maur.
Gutane samla ved til bålet.


Og så vart det grilling.






Etter grillinga gjekk dei laus på småskogen med øks og sag.Chris fann seg eit litt større tre som han ville prøve seg på.

Og med litt hjelp frå Besten så klarte han og få det overende.Er godt fornøgd med seg sjølv her.


Eg heldt for det meste på med dette.
Mandag pakka vi sekkane eg reiste på hytta.Blåbæra er modna så det vart litt plukking av bær.

Tysdag fekk vi lyst å fiske,så då pakka vi fiskeutstyr,drikke og litt kjeks og gjekk til Lommetjønna.

Oliver fekk fisk nesten på første kast.


Chris måtte jobbe lenge men til slutt så beit det ein fisk på kroken.Og med litt hjelp frå Besten igjen så fikk han den på land.


Eg sat for det meste på ei tue og strikka.

Og til kvelds vart det fisk og flintsteik.

















søndag 2. august 2009

Turen til dønfoss...

...som skulle vere på 1 døgn vart til 4. Planane vart forandra undervegs .Her er vi komt til campingvogna på Dønfoss og gutane er i full sving og bygge Bioniclefigurar.
Torsdag reiste vi til Hunderfossen.Dessverre regna det heile tida , men det var lite folk så gutane fekk prøve mykje på den tida vi var der.

















Her melde eg meg frivillig som fotograf.





Dagen vart avslutt med kinamat.
Fredag morgon regna det også så då var det berre å pakke og reise. Gutane reiste heim med Lena og Kevin og vi reiste vidare til Rustberg camping.Der hadde vi ein fin grillkveld med Trollkåno og Rosa og mennene deira.

Lørdag var vi på Mjøsmarknaden. Der gjekk vi 5-6 timar før vi sette oss i bilen og køyrde heim.Litt tråd fekk eg kjøpt og.Hadde eit bilde til med tråd men det vart visst ikkje med.

Her heime går dagane med sykling og leiking og sidan veiret er bra i dag så skal vi ein tur i skogen no.