søndag 29. august 2010

Årets første helg på hytta.

Ja det er heilt sant, vi har ikkje vore på hytta ei einaste helg dette året så no var det verkeleg på tide.Til saman har vi overnatta der 4 gongar i år men ikkje ei heil helg. Fredag laga vi oss god middag når vi kom opp og så vart det ein Jegermeister til dessert.Ok det vart visst to.
Så var det tid for rødvin og spøting heilt til det vart mørkt.Det var surt og kaldt så eg måtte på med termodressen utpå kvelden.

Lørdag var vi på fisketur, men det gjekk dårleg for med same vi hadde fått makken ut i vatnet så begynde det å regne. Og det regna og regna så det var berre å pakke saman og gå tilbake til hytta uten ein einaste fisk.
I dag var veret mykje betre så vi tok oss ein lang tur oppover mot stølane.Røsslyngen står i full blomst så det var eit flott synn med all den lilla fargen.Ikkje noko å seie på utsikta heller.


Ein nabo driv å byggjer seg hytte oppå/inni gamle fjøsmurar.No må eg ut å sjå til blomstrane mine, kanskje treng dei litt vatn.








søndag 22. august 2010

Dammen.

Eller dammane for eg har to.I den største er det 10 fisk. Det var elleve men no er den eine vekke og det var sjølvsagt den største og finaste.Reknar med at det er ein katt eller fugl som har forsynt seg.I bakgrunnen der den åttekanta greia ligg skal det komme eit lysthus.



I den minste dammen er det fire fiskar. Der var fem men den eine har klart å komme seg forbi flugenettingen som var sett opp for å stenge dei og følgt elva ned i den store dammen.


Denne kjøpte eg på turen vi var på med flyttelass.





onsdag 18. august 2010

Utviding av platting.

Tidlegare i sommar laga vi ein liten platting rund trappa som kjem ned frå verandaen.Før låg det nokre lause heller der men det voks så mykje ugras mellom dei og under trappa der det og var muleg å slå.
I ettertid har vi funne ut at der er i grunn bra fint å sitje der og sjå innover dammen så det vart bestemt at plattingen skulle utvidast. I går etter jobb manna eg meg opp og begynde å grave vekk torva.Det var fort gjort for det vart berre to trillebårer med torv å køyre vekk.

Så når mannen i huset kom heim var eg klar.Eg er litt slu og planlegge støyping på kveldstid for då har ein sterk mann som kan køyre opp trillebåra med sement for det er forferdeleg tungt. Og etter eit par timar var utvidinga ferdig. På enden av vegen til høgre skal eg ha ei trapp opp den vesle bakken . Den skal sjølvsagt vere av stein men eg har ingen som er store nok så eg må ut på leiting etter passeleg store og flate steinar.






søndag 15. august 2010

Endå ein lang tur.

Fredag morgon var vi klare for ein ny biltur.Dei to yngste i huset skulle flytte heimafrå og ut i den store verda. Den eldste av dei flytta rett nok for to veker sidan men vi hadde med eindel av flyttelasset hennar.Så turen gjekk først til Lier der skal ho jobbe som lærling i denne store stallen i to år.
Eg forstår ikkkje at dei torer å sitje på desse store hestane.
Vi gjekk litt rundt og såg oss om og der fann vi jamment Per.

I løpet av hausten håpar eg at det står eit lignande lysthus i hagen min.


Lørdag morgon var det tidleg opp og køyre vidare.Her er vi på veg ned til Dalen. Forferdeleg bratt og høgt ned.Eg med min høgdeskrekk torde ikkje sjå ut glaset så Nina måtte ta bilde for meg.


Så er vi nesten framme i Valle i Setesdal der den yngste skal gå på skule og bli sølvsmed.


Her på dette internatet skal ho bu dette skuleåret og ho bur bak dei to glasa oppe til høgre.

Siste bildet er teke ut eine glaset og skulen ligg rett bak trea.
Så no er vi berre to i huset og det er litt rart men vi blir vel vant til etter ei stund.
Og så er eg glad vi er ferdig med køyringa for på 3 dagar sist veke har vi køyrt 230 mil og det er meir enn nok for meg.








torsdag 12. august 2010

Tilbake igjen !!!

Med eit innlegg om litt av kvart.Bryllaupet vart strålande.Trur gjestene hadde det bra for dei siste gjekk ikkje heim før halv sju søndag morgon.Då var eg nesten klar for å stå oppigjen for søndag hadde vi fellesfrukost for alle. Er ikkje heilt sikker men tippar at minst 50 personar var innom og fekk seg mat før dei reiste heim.Her er to bilder av låven pynta til fest.

Her er alle dei fem borneborna mine samla for første gong.

Sist søndag fann vi ut at vi skulle ta oss ein tur og det vart til Fjærland og bokbyen.Trur ikkje desse 4 tykte det var noko særleg spennande men ein tur på kafe hjalp litt.Dette bildet skulle liksom vise dei 4 framfor ein isbre ,men breen er så liten no at den kom ikkje med.



Mandag morgon reiste vi til Oslo og avleverte desse på Gardermoen for då måtte dei tilbake til Nederland. Skulle so gjerne hatt dei her mykje lenger. Heldigvis var dei her vel ei veke etter bryllaupet så vi fekk oss blant anna ei overnatting på hytta.
Skulle hatt med mange fleire bilder, men det var dette eg fekk tid til .No må eg tilbake til pakkinga for i morgon tidleg skal vi ut på ein laaaanng biltur igjen .Har sett kamera på lading så kanskje kjem det eit innlegg når vi kjem heim igjen forhåpentlegvis seint lørdag kveld.