søndag 30. januar 2011

Lite å vise fram.

Det går ikkje så veldig fort framover med strikkinga for tida. Men sånn er det vel når ein strikkar tepper på pinnar nr.2.5.


Men no er iallfall dette heilt ferdig. Det er strikka i babyull og er ca 90/90 cm.





Dette håpar eg at eg skal få ferdig i dag .Manglar berre 9 ruter.


Når eg ikkje har så mykje sjølvstrikka så får eg vise fram noko som andre har strikka.
Ein dag kom det ein pakke i posten og inni var dette (+to andre huer som eigarane har fått før eg tok bilde). Det er eine dottera mi som har strikka dette til meg.



Når Spar Kjøp har 20% avslag på garn i januar brukar eg å hamstre litt.

Tykte eg var ganske flink denne gongen og kjøpte berre to posar og dette er berre til planlagde ting.

Så får vi sjå om tida strekke til for planane er mange !!







onsdag 19. januar 2011

Teppe nr.4.

Er snart ferdig med teppe nr.4 , manglar berre 4.5 rute.
Her prøvde eg å strikke fire rader på samme tid, men måtte gå over til 3 og strikke den 4 åleine til slutt. Brukte altfor mykje tid på å rydde opp i dei 4 trådane som heile tida "vasa" seg saman.
Innimellom lappestrikking og lappemontering har eg strikka 10 par raggsokkar. Alle er strikka i Raggegarn og det er to døtre og to svigersøner som skal få dei.
No skal eg ut og fore hønene og hente inn egg og så skal eg strikke vidare for eg har tenkt å få ferdig teppet i kveld.




lørdag 15. januar 2011

Lappeteppedilla.

Etter at eg fann denne bloggen tidleg i Desember så har det vore mykje lappestrikking på meg.
Så mykje at eg endå har ei julegåve som ikkje er heilt ferdig (trur ikkje den nokon gong kjem til å bli ferdig heller).


Eg har rota rundt i garnlageret mitt(det er ganske så stort) og funne fram alt av restar og jamment var eg heldig og fann ein del ferdiga lappar.
Så til desse tre teppa som er ferdige no har eg ikkje laga så mange nye lappar. Det har vore mykje kjedeleg montering.
Så på det fjerde teppet strikkar eg dominoruter (trur det heiter det) for då strikkar eg dei saman etter kvart.



Og for a vere sikker på at eg ikkje blir ferdig med noko som helst så har eg starta med endå eit teppe.
Her strikkar eg vanleg rillestrikk men strikkar 4 ruter ved sida av kvarandre for at det skal bli minst muleg montering. No har eg oppdaga at 4 ruter på samme tid er litt mykje for trådane surrar seg forferdeleg mykje sammen , så heretter blir det 3 ruter .


No når eg har rota rundt i restane mine har det dukka opp litt gammalt acrylgarn og det har gått rett i bosset, for her skal det brukast berre ULL . Då må eg innom posten i mårå og få ei passeleg Smartøskje og sende dei tre ferdige teppa so noken små nyfødde i Nepal kan få det varmt og godt.









lørdag 1. januar 2011

Strikkinga i 2010.

Vart visst litt lenge mellom innlegga her, men noko må utsetjast når tida blir for kort.
Jula var over på ein blunk for når ein har fri berre på "raude dagar" så vart juleveka nesten som ei vanleg arbeidsveke.Men pytt det har vore bra likevel. Familien (9-10 stk) har vore samla til middag nesten kvar dag og det har vore veldig kjekt. Masse snø har vi fått siste dagane og nyttårsafta gjekk som vanleg tross veldig dårlege veirmeldingar. Vi merka ingenting til den sterke vinden som vart meldt så rakettane vart skotne opp kl 24.00.
Har laga ein oversikt over det eg har strikka i 2010.
Kjem på at det manglar nokon få ting , men har fått med det meste.