fredag 29. mai 2009

Langhelg !!!!

Ja og det skal bli godt.Vi har bestemt oss for at no får ved vere ved, dam vere dam for vi reiser på hytta.Det blir første turen i år og eg gledar meg !!!Har pakka masse mat,vin og alt vi trenge. Der har vi ikkje vekkarklokke så vi kan sove så lenge vi vil. Vi skal no ikkje berre late oss heller for heile hytta skal vaskast frå topp til tå og når vi er ferdig med det skal vi sitje på verandaen med vinglaset og høyre på fuglesongen.Truleg kjem vi ned igjen søndag for i dag kom det noko spennande i posten som vi skal jobbe med mandag. GOD PINSE OG SÅ HÅPAR EG ALLE FÅR FLOTT VEIR OG KAN NYTE HELGA !!!!!

tirsdag 26. mai 2009

Birituren

Ja den gjekk heilt fint sjølv om det vart litt travelt på slutten .Eg søve så forferdeleg dårleg når eg ligge vekke så det vart to neter med lite søvn og ein lang dag med gåing + bilturen på 5-6 timar kvar veg.men sove kan vi gjere når vi blir gamle er det det nokon som seier. Veiret var fint bortsett frå ei skikkeleg haglebyge. Marknaden var akkurat passeleg stor når vi skulle vere der ein dag(dei hadde helde på til kl 1 om fredagskvelden).Eg tykte det var litt for mykje rusta bildelar men nokon likar visst det og. Ellers var det litt for einkvar smak.

Var litt i tvil om eg skulle legge ut bilde av det eg kjøpte for eg får av og til(ganske ofte) høyre at eg har altfor mykje og må begynde å kaste i staden for å kjøpe ,men eg gjere det likevel for det var no ikkje så mykje eg hadde med heim. Eit te-sett frå Figgjo, nokre små muggar,eit gammalt overlaken som eg skal prøve å sy noko av og eit einsleg asjett. Kjøpte eit gammalt kaffisett på Fretex for nokon år sidan. Nokon av fata var brune og stygge og dei stod selvfølgeleg underst .No har eg funne nokon fat her og nokon der så no er settet heilt fint.Kikkerten er bursdagspresang til meg sjølv og den skal eg ha på hytta.




torsdag 21. mai 2009

Blir ikkje dammen tett no....

...så er det iallfall ikkje utstyret det er noko gale med. Karane har pønska ut ein ny plan som dei driv og jobbar med no. Så får vi håpe at det er fullt med vatn i mårå tidleg og.Ellers har eg planta i heile dag og nesten alle staudene er komt i jorda.Det står igjen to rosetre som eg ikkje har nokon plass til endå så dei får stå til over helga.Imårå etter jobb hive vi oss i bilen og køyrer austover til Biri og Mjøsmarknaden. Vi har ikkje vore der om våren før så eg er spent på om det er like stort som det er om hausten.

onsdag 20. mai 2009

Tur til Førde.

Ja bilen vart stappfull. Trur ikkje det hadde vore plass til ein einaste plante til.På Plantasjen vart det mest stauder.Mange av dei var til halv pris og då var det berre å fylle handlevogna. 3 roser vart det og. Blir spennende og sjå om dei overlever her oppe. Siste butikken vi var på var Biltema og då vi hadde klart å stappe dei siste posane inn i bilen og få igjen dørene før det rasa ut igjen, gjekk det ein mann forbi og han sa:ha ha ha no må de ikkje handle meir for det er heilt fullt ! Ja det visste vi så då køyrde vi heim.
Dette bordet kjøpte eg og.Det passar heilt perfekt til "kremt" 2 vinglas! No drøymer eg om 2 stolar som høyrer til. Om ca. 3 veker får eg feriepengar så kanskje det blir stolar då. No skal eg ut å plante !!!!


tirsdag 19. mai 2009

Første forsøk.....

...på å fylle vatn i dammen vart mislukka.Vi sette i gong i går når duken var komt.Underst la vi tunn glava i staden for sand og bløytte den med vatn.Så vart duken lagt på og som vanleg stiller svigersønene opp og hjelper oss.

Her blir loket heisa på plass.

Så fylte vi opp med vatn .Då var det seint på kveld og vi la oss i god tru på at dette gjekk bra.


Men sånn ser det ut i kveld. Heilt tomt for vatn.Kranbilen nådde ikkje langt nok så vi måtte flytte litt på loket etter at det var på plass og då flytta og pakningen under duken seg .Neste forsøk blir torsdag og då med større kranbil .

så til eit prosjekt som var litt meir vellykka.Blomsterbedet som eg laga lørdag. Inn ved veggen har eg planta gladiolusløkar Dei kom litt seint i jorda så det går nok ei tid før dei spirer.Framme er der ingenting men det skal ordne seg i mårå for då skal Tanja og eg på Plantasjen i Førde og handle "litt".Såg i avisa i dag at dei har staudar til halv pris så då spørs det om bilen er stor nok.










lørdag 16. mai 2009

Travle dagar !!!!

Ja den siste veka har vore skikkeleg travel . Vi vart lovt at duken til dammen skulle sendast på onsdag så då rekna vi med at vi skulle få den til helga.Derfor har vi brukt all ledig tid på veden heile veka for å kunne bruke helga på dammen. Men søren og, no viser det seg at duken vert sendt først i dag. Fy så skuffa eg vart !! Så no har eg bestemt meg for at i dag skal eg IKKJE kløyve ved, eg skal ta og lage til eit blomsterbed i staden.
Her er nok arbeid mange ettermiddagar framover.
Har strikka litt om kveldane når eg kjem innigjen,men då er eg så trøtt at det må vere noko enkelt så då vert det kjøkkenklutar. Datamaskina har ikkje vore på sidan onsdag,men i dag måtte eg berre vise at det er liv i meg .No skal eg ut i sola (og vinden) !!




søndag 10. mai 2009

Teppet er ferdig.

Hadde aldri trudd at eg skulle ha nok tolmod til å strikke noko så stort.Men med tida til hjelp så vart det ferdig.
Men ikkje heilt uten problem.Ferdig vaska såg eg at den hekla kanten rundt var for "vid" på begge endane.Enten måtte eg rekke oppigjen eller irritere meg kvar gong eg skulle bruke teppet.Eg fann fort ut at eg måtte rekke oppigjen.Eg hadde lite lyst å rekke oppigjen kanten rundt heile så eg begynde på eine enden og klipte opp i begge hjørna og rekte opp den sida. Så hekla eg omigjen den sida og klarte og skøyte det ihop uten at det viser.Så gjorde eg det same på andre enden.Litt ekstra arbeid men no angrar eg ikkje på at eg gjorde det for teppet vart mykje finare.

Det andre var hundrevis av trådar som skulle festast.Det såg eg litt "svart" på men så tenkte eg at det går vel an a jukse litt. Så masse av trådane har eg berre knytt (håpar knutane helde og ikkje går oppigjen).For eg har tenkt at eg skal ha fleece på baksida.Men eg å kjøpe meir for stoffet er ca 12 cm for smalt så eg må skøyte det på måte.Hadde eg hatt ei rute mindre på breidda så hadde det passa heilt med stoffet. Dårleg planlegging med andre ord.


Sånn vart det.206 cm langt og 167 cm breitt. Det veg litt over 2 kg og har 156 ruter og det er brukt berre restar.Og eg er veldig fornøgd med det.Det skal bli hytteteppe og derfor vil eg ha fleece på baksida så det det blir skikkeleg tjukt og varmt å ha på seg når vi site ute.








onsdag 6. mai 2009

Det tar tid....

...å komme seg etter ei veke ferie. Det var utruleg kjekt å treffe denne gjengen(og foreldra) igjen.Veka gjekk rasande fort men vi fekk no med oss ganske mykje.Turen heim vart lang og kjedeleg.Kom for seint til flyet og måtte vente 6 timar på neste. Heldigvis var KLM snille med oss for vi slapp å betale ny bilett.Vi vart for sein til siste ferja på Oppedal og måtte køyre til Voss og om sogn.Så i staden for å komme heim lørdag kveld kl 9 så var vi heime søndag morgon kl halv 5.
Heime stod det to pakkar og venta på meg. I den eine var denne muggen. Det er ein Figgjo Flint- mugge og eg likar desse så godt at eg har ei lita samling av dei.
I den andre pakken var denne.Den er frå Stavanger flint og minst like fin .