tirsdag 19. mai 2009

Første forsøk.....

...på å fylle vatn i dammen vart mislukka.Vi sette i gong i går når duken var komt.Underst la vi tunn glava i staden for sand og bløytte den med vatn.Så vart duken lagt på og som vanleg stiller svigersønene opp og hjelper oss.

Her blir loket heisa på plass.

Så fylte vi opp med vatn .Då var det seint på kveld og vi la oss i god tru på at dette gjekk bra.


Men sånn ser det ut i kveld. Heilt tomt for vatn.Kranbilen nådde ikkje langt nok så vi måtte flytte litt på loket etter at det var på plass og då flytta og pakningen under duken seg .Neste forsøk blir torsdag og då med større kranbil .

så til eit prosjekt som var litt meir vellykka.Blomsterbedet som eg laga lørdag. Inn ved veggen har eg planta gladiolusløkar Dei kom litt seint i jorda så det går nok ei tid før dei spirer.Framme er der ingenting men det skal ordne seg i mårå for då skal Tanja og eg på Plantasjen i Førde og handle "litt".Såg i avisa i dag at dei har staudar til halv pris så då spørs det om bilen er stor nok.










2 kommentarer:

Linda sa...

So fin kant du har laga rundt beddet. Har du støypt steinane saman eller? Og betre lykke neste gong med fylling av dammen. Eg vurderer allereie å forstørra dammen min......

Linda sa...

kjipt at først forsøk ikkje gjekk som planlagt.. Men de får det nok til!!

og kos dåkke på plantasjen!!! man kan jo alltids leige ein tilhngar for anldninga;)