mandag 7. desember 2009

Eg har handla på QXL.

Eg prøvar å holde meg vekke frå QXL for der er altfor mykje som eg har lyst på , men av og til så må eg berre handle litt.Denne gongen vart det julekuler som ikkje er av heilt ny dato.Tykkjer alle desse er fine ,men konglane er vel dei eg likar best. Har kjøpt litt anna og men har ikkje fått teke bilder av det endå så det får komme seinare.

søndag 6. desember 2009

Eit strikkeoppdrag.

Har omsider fått ferdig eit strikkeoppdrag til.Det har forresten vore ferdig ei tid men som vanleg var det knappane som mangla , men no er dei på plass og denne gongen vart det treknappar.Så vart det djevelhuer (der er to)for dei hadde eg liggande ferdigstrikka frå ein gong eg lagde mange sånne.Alt er strikka i Dale babyull og mønsteret på jakka er frå eit Dalehefte.No skal det pakkast og sendast og eg håpar at eg får gjort det før ho som skal ha det ringer og etterlyse det.

onsdag 2. desember 2009

Fridag og besøk.

Annakvar onsdag har eg fri i og dag var ein sånn dag.Hadde tenkt å sove lenge og berre slappe av men den som bråvakna kl ti over fem og var heilt sikker på at eg hadde forsove meg det var eg.
Etter litt fram og tilbake klarte mannen i huset og overbevise meg om at det var fridagen min så då var det berre å tusle seg til sengs igjen.
Utpå dag kom Oliver på besøk.Han hadde fri frå barnehagen og ville gjerne opp her.Han hadde på seg "jul i svingen-hua"som eg strikka til adventskalendaren.
Vi har bittelitt snø så kjelken måtte leitast fram og prøvast og så måtte han herje litt med Bella og som vanleg så er ho heilt med på leiken.

søndag 29. november 2009

Nei dette fekk eg ikkje til.

Den andre monsterbuksa er ferdig og eg er like misfornøgd med denne.Kjem nok ikkje til å bli laga fleire sånne av meg.
Eg hadde bestemt meg for å ta igjen den rosa og ta vekk monsteransiktet men fann ut at det tok for lang tid.Så i staden laga eg den blå lik ,men med mindre munn.
Eg likar dei best på framsida.No skal eg pakke dei inn og prøve å gløyme heile greia.Håpar blånissehua som eg strikkar på blir meir vellukka.




onsdag 18. november 2009

120 pakkar...

...er klare til 5 adventskalendarar. Har fått litt hjelp både til innkjøp og innpakking.Her sit ein fornøgd Oliver og gledar seg til advent.



lørdag 14. november 2009

5 små lange.

5 små lange som skal bli pakkar i adventskalendarane.Det små til venstre er strikka i Fabel, det rosa i Rubin og dei andre blå i Labbetuss.Veit ikkje om borneborna blir så veldig glad for strikkasokkar i kalendaren , men i lag med litt snop så går det vel.

onsdag 11. november 2009

Tur.

Ja no er halve ferieveka gått og eg har ikkje gjort anna enn å strikke litt og lage mat. Så i dag fann eg fram joggeskoa og tok ein tur i skogen.Tok ein anna veg enn den som vi brukar på hytta. Ein som ikkje er så bratt og tung å gå. Eit stykke oppe i skogen fann eg denne kosten som hang i eit tre. Veit ikkje heilt kven som kostar i skogen eg. Nissen ?
Turen enda her(som vanleg) .

På veg heim kom sola fram.

Neste gong eg skal på tur skal eg ta med litt mose heim for denne var så grøn og fin. Og no lurer eg på om eg må kjøpe meg nytt kamera.Tykkjer bildene blir så utydelege.Når eg ser dei store på skjermen er dei klår og fine og så små som dette så er dei heilt forandra. Nokon som har eit godt råd ??





tirsdag 10. november 2009

Eg er veldig glad....

..eg bur litt oppe i høgda for tenk på dei stakkarane som bur nede i skodda.

mandag 9. november 2009

Min nye hjelpar på kjøkkenet.

Ikkje heilt ny ,men lite brukt.Kjøpt på Finn.no for 1/3 av prisen av ein ny.Har ein Kenwood frå før men bollen på den er litt for liten til brød og så eltar den for dårleg.Her eltar den deig til rugbrød og seinare i veka skal den prøvast på vanleg brøddeig.



lørdag 7. november 2009

Mange lange....

...sokkar.Første par er strikka i Sportsragg. Litt tjukt for meg som likar å strikke med pinnar nr.2.5 for på desse brukte eg nr 4. Det var godt å strikke med og så vart mønsteret bra likt på begge sokkane og det likar eg. Par nr 2 er strikka i Labbetuss.


Nr.3 er strikka i MorÅse. Vanlegvis heilt forferdeleg å strikke med , men når eg vaskar det først så blir det mjukt og fint.
Nr. 4 er strikka i Viking sportsragg.Det var nok dette som var best å strikke med bortsett frå at i eine nøstet var det minst 4 knutar.


Så 5 par som eg strikka tidlegare i haust.Dårlege bilder ,men dei fleste har eg gjett vekk så eg kan ikkje ta nye.Dei er strikka i ulike garntypar som eg har liggande. Dei grå /kvite blir kanskje ei julegåve.






onsdag 4. november 2009

Vottar.

Har strikka Kari og Ola-vottar i Rubin. Bytta om på fargane for i mønsteret var botnfargen kvit. Dei er størrelse 2-4 år og skal brukast til pakkar på adventskalendarar.
Mønsteret fann eg i denne boka som eg har lånt på biblioteket.


søndag 1. november 2009

Novemberkaktus.

No blomstrar den for fullt for andre gong i år.Over 30 blomster og knoppar på nesten kvar einaste grein.Sist flytta eg den og då datt mange knoppar av så denne gongen skal den få stå i ro.

lørdag 31. oktober 2009

Eit tidkrevjande arbeid....

Vi har føre oss litt av eit arbeid denne vinteren. Vi skal pusse opp 150 slike stolar.Eit strøk heftgrunn på treverket og eit med anti-rust på røra og så eit strøk måling på heile stolen.Før og etter bilder.Fargen er ikkje så lys som det viser her.
Trur det skal bli veldig bra ,men det blir mykje arbeid så det er bra vi er mange som kan hjelpe til.Grunnen til opp-pussinga er at til sommaren skal vi feire bryllaup her på garden og då må vi ha skikkelege stolar.Bord manglar vi endå ,men kanskje ordnar det seg og i løpet av vinteren.



Stolane stod på eit nedlagt evangeliesenter og vi fekk dei mot at vi henta dei.Når eg ser alle på ein gong er det nesten som eg lurer på om vi kjem til å bli pittelitt leie før vi er ferdige.
Med på lasset var og ein kjøpmannsbenk,ein stor kommode,litt storkjøkkeninnreiing og diverse småting.




fredag 30. oktober 2009

Sauesokkar...

,,eller sokkar med sauer på. Strikka i Silja og mønsteret fann eg i Gjestalhefte nr 113. Skal lage adventskalendarar til alle 5 borneborna så desse sokkane blir nok brukt til det.
Er ikkje heilt sikker på kva sauerase dette er men det minner litt om spelsau ? No er det FREDAG og helg og det er meldt fint veir !!! GOD HELG til alle !!!


søndag 25. oktober 2009

Bittelitt sommar.

Ikkje alle er einig i at det snart er vinter.Desse har iallfall ikkje tenkt å gje opp endå.Bilda er tekne no i ettermiddag.

lørdag 24. oktober 2009

Fuglar og mugge.

Sjå kva eg fekk då Nina(yngste dotter i huset)kom heim til helga !! På butikken der ho handlar mat hadde ho sett desse fuglane og tenkte at desse hadde nok eg likt.Ho kjøpte tre med seg heim og eg vart så glad!! Desse skal nok bli fine ute til sommaren.
I dag har vi vore på tur til Førde og når vi er der må eg alltid på bruktbutikken. I dag var eg heldig og fann denne muggen.Den passar flott inn i samlinga mi.Resten av samlinga skal de få sjå når eg eingong har fått måla skåpet dei skal stå i. No er det laurdagskveld og eg skal strikke !!!


fredag 23. oktober 2009

Monsterbukse...

strikka i Rubin og er størrelse 4-5 år.Er ikkje heilt fornøgd med denne for munnen vart litt for stor. Det må eg forandre på den neste som eg er såvidt begynt på.



onsdag 21. oktober 2009

Labbetuss

Europris har fått nytt sokkegarn som heiter labbetuss.Det er fleire fine fargar og eg måtte prøve alle bortsett frå ein som eg ikkje kjøpte.
Av den grå/raude vart det sånt mønster.Klarte ikkje å få klårt bilde endå eg prøvde to ulike kamera.Kanskje mønsteret som gjer at bildet er utydeleg.Desse sokkane skal reise med posten i mårå.


søndag 18. oktober 2009

Fjelltur.

I dag skulle mannen på hytta for å gjere den klar for vinteren og eg vart med for ein trimtur kunne sikkert gjere godt. Vi har ein bratt og tung veg å gå så av og til må vi ha ein pause og her brukar vi å setje oss ned og kvile litt.
Vi hadde ikkje noko særleg med niste ,berre kvart sitt eple. Mannen skulle på jakt etterpå ,men det vart ikkje hjort i dag heller.
Her er bilder tekne frå hytta.

Nabohyttene.




Hytta som har vore altfor lite brukt denne sommaren.


Mange ulike soppar i skogen no.

Her er eg nesten komt heim igjen,Ser ned mot Byrkjelo og Våtedalen.

Breimsvatnet.








lørdag 17. oktober 2009

Meir stjernehals

Fann ut at dei to eg hadde laga var litt for små til 4-5 åringar så eg laga to nye.For å få dei litt større så strikka eg øverste delen litt lenger og på den nederste så auka eg ein gong meir enn som stod i mønsteret.Strikka i Rubin og eg brukte ca 85 gr på den blå som er størst.

torsdag 15. oktober 2009

Stjernehals

Har laga to stjernehalsar.Planen er at desse skal vere delar av to julegåver.På tide å tenkje på det no vis ein skal bli ferdig til jul.Dei er strikka i Rubin og er ca 2-4 år.
Og her er mønstret om nokon andre har lyst å strikke sånne.Dei er enkle og raske å lage.


mandag 12. oktober 2009

Eit strikkeoppdrag....

...er omsider ferdig. Eit oppdrag som eg sa ja til og klarte å gløyme heilt til ho som skulle ha det ringte og lurte på kor langt eg var komt for no var jenta fødd. Då var det berre å få fart på pinnane. No er det heldigvis ferdig og skal sendast i posten i morgon. Strikka i babyull og mønster er tatt litt her og der.

lørdag 10. oktober 2009

Tilbake...

...etter ein pause som slett ikkje var planlagt,men av og til så blir det berre sånn.Siste innlegget handla om vasking av raggegarnet før bruk og det gjekk veldig bra.Tråden vart mjuk og fin og til og med god å strikke med.Men så var det alt arbeidet med å lage hesper.Kom på at på stabburet stod det ein "sak"som var tenkt til sånt.Henta den fram og vaska den for den var ganske så nedstøva og skiten .Anar ikkje kortid denne var i bruk sist men det er nok mange ,mange år sidan.
Den var i litt dårleg stand og mangla litt her og der.
Men mannen i huset tok den med seg ned i "grisefjøsen"(i den delen av fjøsen som vi hadde gris i før har han laga til eit lite verksted og kjøpt inn litt maskiner til trearbeid).Då han kom igjen med den var den fullt brukbar med mange "nye" deler.
Og Oliver er sjølvutnevt "sveivar".Så når han kjem på besøk så må vi alltid lage nokre hesper.


Ein dag denne veka når eg kom heim frå jobb så var det nesten full vinter her.Heldigvis var det sånn berre nokon få dagar.
I dag stod eg opp til sol og blå himmel.Litt kaldt er det for på dammen er det eit tynt lag med is.
Men heller sol og kaldt enn snø og slaps.Så i dag skal alle løkane og blomsterpottene i hus og kanskje får eg gjort litt meir med dammen.Håpar fiskane har det bra under isen.No tykkjer eg nesten synd i dei som skal vere der i heile vinter og det blir frykteleg spennande til våren og sjå om dei har overlevd vinteren.