mandag 28. september 2009

søndag 27. september 2009

Lopper.

Vi var på loppemarknad både i går og i dag ,og litt vart det kjøpt. Trykk-kokar ,har ein heilt lik frå før men der er pakningen ødelagt så den har ikkje vore brukt på mange år.Mannen i huset kjøpte brødmaskin (kanskje eit lite hint?).Hadde ei liknande for nokon år sidan og den brukte vi mykje.Den vert nok ikkje brukt dagleg men av og til er det godt med nysteikt loff.Ei lita glasskål som eg sikkert ikkje har bruk for ,men eg tykte den var så fin. To messinglysestakar som eg skal prøve å spraymåle.Har sett så mange som gjer det så no skal eg prøve det .Og til slutt eit bilde som viser at bakom skyene er himmelen BLÅ sjølv om eg var begynt å lure på om det verkeleg er sånn lenger.

torsdag 24. september 2009

Bursdagsfeiring

Vi har hatt bursdag både i går og i dag her i huset så då måtte vi ha litt kaker.Og det beste av alt var at eg slapp å lage noko av det sjølv.

onsdag 23. september 2009

Trådkaos.

Ja eg har hatt eit aldri så lite trådkaos etter at eg for ca 1 år sidan kjøpte ein nedlagt trådbutikk . Ca 4200 buntar med tråd var det i desse kassane og eg hadde ikkje peiling på kva tråd som var her.Det seier seg sjølv at så mykje kunne eg aldri bruke sjølv og mykje såg eg på som ubrukeleg for meg. Men eg hadde ein plan og det var å sortere ut det eg ville ha sjølv og selje resten på QXL. Det har eg no gjort og har klart å selje så mykje at eg har tent inn igjen det eg betalte for heile greia,så no sit igjen med masse gratis tråd.
Eg har masse,masse bomullstråd i mange fargar .
Litt av alt .Bomull,ull,lin-bomull. Kan sikkert strikke sokkar til ein heil hær (om eg hadde tid).

Men det er og ein bakdel med å så mykje tråd:begynde på alt muleg,har lyst å strikke alt muleg og så har ein plutseleg altfor mange ting på gong og blir ikkje ferdig med noko.Men ute regnar det (som vanleg )så då er det berre å holde seg inne og sjå på all den fine tråden og STRIKKE !!





søndag 20. september 2009

Til Oscar

Endå ei hue og eit par sokkar . Han må jo ha litt å velgje i når han skal ut på tur. Strikka i babyull på pinne nr 2.5.

fredag 18. september 2009

Endeleg ein dag uten regn.

Og eg var klar for litt jobbing men etter å ha vore sjuk i to veker så var ikkje energien heilt på topp og kreftene tok slutt før eg hadde tenkt, men litt fekk eg gjort.Mura ferdig kanten på den små dammen så i morgon kan eg fylle vatn i den (sånn såg det ut då eg starta dagen)
Pus sat på verandaen og følgde med.
Fint besøk fekk vi og.

Mykje arbeid igjen.Kjem sikkert til å bruke fleire år før eg er heilt ferdig.


I kveld var vi og hente meir stein for utruleg nok er det meldt fint veir i mårå og.








onsdag 16. september 2009

Fiskane veks.

Fiskane har vokse mykje no i haust.No når temperaturen går ned mot 10 grader så er dei nesten slutta å ete.Dei står ofte heilt i ro lenge eller dei bevegar seg seint rundt.Det blir spennande å sjå til våren om dei overlever vinteren i dammen.Og no håpar eg at veiret kan snu snart.Den små dammen står der halvferdig og sånn vert det til det sluttar å regne.Har prøvd å støype i regnveir men då må eg dekke alt til med plast. Så no sit eg her og ventar på regnet skal gje seg og helst meir enn ein halv time i gongen.

søndag 13. september 2009

Dåpsdag.

I dag vart Oscar døypt.Og så på ein skikkeleg solskinsdag!!!Ikkje noko stort selskap , men med den aller nærmaste familie.Her er Oscar i dåpskjole og det er den kjolen eg hekla for 30 år sidan då mamma"en til Oscar skulle døypast.Den er og dei 4 tantene til oscar døypte i.
No må eg advare mot dårlege bilder for det vart gjort på enklaste måte med å ta bilde av bilde.

Her er mamma til Oscar :Tanja i 1979.

Linda i 1981.Her saman med ei bestemor(mor mi, som ikkje lever lenger)
Lena i 1983 saman med storesøstrene .



Monica i 1989, saman med gudmora si.


Nina i 1993.




Så var det etterlyst mønster på huene eg har strikka og det deler eg gjerne ut !Her og vart det enklaste måte og ta bilde av boka.Vis det er spørsmål så berre spør og er det for dårleg bilde så gje beskjed så kan eg skrive det .

















fredag 11. september 2009

Jakka...

..som nesten gjorde meg sprø,som brukte opp all tolmodet mitt for fleire dagar og som var nær ved å gå i bosset fleire gongar er ferdig.Det er ikkje alltid så lurt å bruke anna tråd enn det som står i oppskrifta for det gjorde eg denne gongen og det gjekk ikkje bra.Eg måtte rekke oppigjen alt nedafor mønsteret og auke ganske mykje eller så vart den for trong.Men etter litt prøving og opprekking så vart det jakke og den passar heilt flott

torsdag 10. september 2009

Gensar til Kevin

Den strikka eg i vår men har ikkje sydd i knappar før no.Mønsteret er frå Nøetebarnboka og heiter rullegensar.No skal den sendast til Kevin i Nederland og eg håpar den ikkje er for liten.

Ei hue og eit par sokkar til Oscar har eg og laga.


Eentleg skule eg hatt nye strikkebilder her kvar dag denne veka for det er stort sett det eg har dreve med dei 4 siste dagane.Idesse svineinfluensatider er det fort gjort å få seg ei veke heime.Grunnen til at eg ikkje har fått til så mykje er desse lyseblå greiene under her. Ei lita jakke som eg snart har strikka to gonger. Den er straks ferdig så vis tålmodet mitt varer berre bittelitt lenger så kjem det ferdigbilde i mårå.









tirsdag 8. september 2009

Gåve til ei lita jente.....

..som vart fødd for ca 3 veker sidan. Teppet er strikka etter nøstebarnmønsteret men eg har ikkje med holkanten rundt. I staden har eg hekla ein kant rundt i kvitt.Jakka er kinajakkemønsteret i Myk Start-boka.Eg er ikkje fornøgd med dei strikka blomstrane for dei fekk eg ikkje fine så kanskje eg tar dei av igjen.Hua er det vanlege mønsteret som eg alltid brukar og som sikkert eg meint som gutehue,men eg strikkar den til jente og.Sokkane er tubesokkar som er å finne på Drops sine gratismønster. Alt er strikka i Dale babyull .


søndag 6. september 2009

GLØYMDE !!!

Det følgde ein award med utfordringa og den gløymde eg . Får skulde på influensaen som har herja i heimen i over ei veke og i dag var det min tur. Her er den .Tusen takk !!Ser at veldig mange har fått denne utfordringa så eg sender den ikkje vidare.

Utfordring.

Fekk ei utfordring av Villmarkstausa der eg skulle fortelje 10 ting om meg sjølv.

1.Eg er mor til 5 jenter i alderen 16-30 år.

2.Mørkredd.

3.Likar godt rødvin.

4.Har vore gift i 31 år med han eg har vore saman med sidan eg var 17 år.

5.Har av og til så mange planer i hovudet at eg har vanskeleg å få sove.

6.Strikkar kvar ledig stund.

7.Er bestemor til 5.

8.Reiser heller på fjellet enn til syden.

9.Er heilt trådgalen. Kjøpte ein gong ein nedlagt trådbutikk. 4169 nøster med tråd kom eg heim med den gongen.

10.Samlar på det meste og har vanskeleg for å kaste ting.

torsdag 3. september 2009

SOOOL !!!!!!

Kva gjer ein når ein kjem heim ein ettermiddag og sola skin i frå blå himmel etter veker med regn og ein var fast bestemt på å gå rett i kjellaren og måle. Det vart ikkje måling i dag for eg fann fram strikkinga mi ,ein hagestol og sette meg ved dammen .Strikka litt ,såg litt på fiskane og høyrde på vatnet som rann.
No held eg på med eit babyteppe og det strikkar eg rett frå ei 2-kg hespe med bybyull.Det einaste eg fann som"hespeholdar"er ein kontorstol og heile greia bar eg ut på plenen.Trur postmannen lurte litt men pytt,pytt eg hadde det heilt flott i sola.


onsdag 2. september 2009

Måling.

Sidan det regnar,regnar og regnar og det ikkje går å gå utfor døra så må ein finne på noko inne.Å strikke heile ettermiddagen og kvelden blir litt kjedeleg det og.Så no har eg funne meg eit opp-pussingsprosjekt.Etterkvart som dei eldste flyttar ut så rykkar dei yngste framover i køen til dei største og beste romma.No er det berre den nest yngste som bur fast heime.Den yngste flytta på hybel no i haust og har eit anna rom som ho brukar i helgane når ho er heime.Dette rommet har stått tomt ,eller rettare sagt fullt av rot sidan tidleg i vår. No ein kveld tok eg mot til meg og starta ryddinga og mannen i huset stilte opp og hjelpte meg (og han seier han vil hjelpe meg og måle og.Litt HURRA for regnet som gjer at han ikkje får gjort noko ute).Så no skal dette bli eit lyst og fint (håpar eg )gjesterom.
Når eg er på loppemarknad kjøper eg alltid kommodar vis der er.Dette er ein av dei og den skal målast og få plass på gjesterommet. Og dette er ikkje noko spongreier,det er ekte tre.

Dette nattbordet kjøpte eg på den siste loppemarknaden eg var på i haust og det skal få samme farge som kommoden.
Ein puff som eg har hatt ståande i sikkert 10 år skal trekkast om.Kjem nok til å ta litt tid dette men eg håpar å bli ferdig i løpet av helga.