søndag 20. juni 2010

Fridag.

I dag tok vi oss fri frå alt bryllaupståk og sette oss i bilen og la ut på tur.Turen gjekk over Strynefjellet og til Dønfoss der vi tok ein liten stopp. Så køyrde vi vidare til Lom der det var Lomdagane.Det første vi var på var Antikk og bruktmarked.Mykje fint å sjå på men det vi fikk med oss var litt bøker.Etterpå såg vi litt på alle dyra som var der og så gjekk vi rundt mellom alle bodene der folk selde ting dei hadde laga.
Eg kjøpte ei hylle med englar på ,men den har eg ikkje pakka ut så derfor har eg ikkje bilde av den.
Det var alt eg hadde å bidra med i dag og eg veit ikkje kortid eg kjem innom igjen for bryllaupsforberedelsane tek det meste av tida no.Kjem heilt sikkert sterkare tilbake etter den 31 juli.



onsdag 2. juni 2010

Høner.

Har endeleg fått nye høner.Har ikkje hatt høner sidan i haust så no var det kjekt å få nye.Her har dei fått brød som er bløytt i vatn .Høner er altetande så dei ete alle matrestane våre.
Den gamle leikehytta passa godt til hønsehus og med not over så ikkje reven kjem inn.

5 egg i dag. Litt små endå , men det går nok ikkkje lenge før det er skikkeleg størrelse på dei.Og så er desse egga så mykje betre enn dei vi kjøper.