søndag 30. oktober 2011

Ulldress.

Har strikka ein ulldress til Oscar som han skal ha under regnklea i barnehagen. Strikka den i dobbel Daletta på pinnar nr 3.5. Den vart nok litt trongare enn eg hadde tenkt.
Oscar var godt fornøgd for det er traktor på ryggen. Tilogmed Besten sin Fendt.

Har og strikka eit par lange sokkar i eit mønster som eg har strikka så mange gongar at eg treng ikkje følgje mønster lenger. Strikka i Silja og denne gongen brukte eg pinnar nr 3.


Og så har eg fått ferdig eit Nepaltepp Og eit til.




Teppestabelen veks sakte men sikkert så snart kan eg kjøpe kasse på posten og sende dei til Nepal. Må forresten ta med at i denne stabelen er det to tepper som andre har strikka.















søndag 9. oktober 2011

Hyttehelg.

Sjølv om veirmeldingane var dårlege så reiste vi på hytta fredag ettermiddag. Det var regn og vind og sludd heile fredagskvelden og lørdag morgon var det snø då vi stod opp.Lørdag ettermiddag kom veiret seg så vi kunne ta oss ein tur ut.
I dagtidleg vakna vi til regn og mykje vind igjen. Ikkje mykje freistande å gå ut nei.

Så nesten heile helga vart det sofasitting og strikking. Strikka mest på eit Nepalteppe, men når eg vart lei av det så bytta eg til



eit par lange sokkar.

I dag hadde eg opprydding i hyttegarnet mitt og då fann eg nokre oldemorruter som eg har hekla for lenge sidan. Så då fann eg ut at eg skal hekle eit Nepalteppe av alle smårestane. Gjorde klar litt restar til neste hyttetur så då blir det hekling av oldemorruter.Kanskje neste helg ?













onsdag 5. oktober 2011

Tida går altfor fort..

...og plutseleg har det gått fleire veker utan eit einaste blogginnlegg. Strikkaklea til Emilie har vore ferdig lenge. Det mangla berre strikk i buksa og knapp i hua ,men det er ordna i dag. Mønsteret fann eg i eit gammalt Lanetthefte frå 70-talet.
Av og til så snur bilda seg når eg legg dei inn på bloggen og som de ser så gjorde dette det.
Då eg kjøpte garn til dette så feilberegna eg garnmenda heilt og hadde nok til berre gensaren og hua(som er strikka i Silja). Heldigvis fann eg Rubin som var nesten samme farge så eg kunne strikke bukse og. Det er nok litt meir forskjel på fargen på gensaren og buksa enn det som viser på bildet, men ikkje meir enn at det går å bruke det i lag.

Og så har eg klart å strikke opp alt av raggegarn. Alle restane er brukt og det som eg har igjen er berre nok til ein halv sokk. Her er 6 par i damestørrelse

og to par i herrestørrelse.


Litt av grunnen til lite blogging er at eg har måla hobbyrommet mitt. Tok ikkje meir enn eit førbilde


men det har forandra seg ganske så mykje. Det vart så lyst og fint og eg er veldig fornøgd. No manglar det berre nye lamper og så å henge litt opp på veggane.