fredag 11. november 2011

Nissedress og litt til.

Hanna (eller var det mamma"n ?) ønska seg nissedress.Vi fann mønster å Drops sine gratismønster. No strikka eg dressen i anna garn og tynnare pinnar så eg laga meg mitt eige mønster og brukte berre bildet å sjå etter.
Dressen er strikka i Smart på pinnar nr 3.


Dressen passa ganske bra , berre litt lang i føtene .(Det kan no forresten vere bra når ein er sokkelaus). Dei lyse flekkane er ikkje fargefeil men vi hadde sol då eg tok bildet.

Eit par lange sokkar er og ferdige. Har vore misfornøgd med fargevalget heile tida så det har teke litt tid å få dei ferdige. Strikka i Silja på pinnar nr 2.5.


Eit Nepalteppe til er ferdig. Dette er teppe nr 17 , så det er ikkje mykje restar igjen her i huset.


I kveld har vi pakka koffertane våre ,for i morgon tidleg køyrer vi til Bergen , tek eit fly til Amsterdam for å besøke denne gjengen her. Vi gledar oss veldig til å få ei heil veke i lag med dokke !! Og til minstemann Kevin ; i måråkveld skal du få bjunost på sjeva di !















søndag 30. oktober 2011

Ulldress.

Har strikka ein ulldress til Oscar som han skal ha under regnklea i barnehagen. Strikka den i dobbel Daletta på pinnar nr 3.5. Den vart nok litt trongare enn eg hadde tenkt.
Oscar var godt fornøgd for det er traktor på ryggen. Tilogmed Besten sin Fendt.

Har og strikka eit par lange sokkar i eit mønster som eg har strikka så mange gongar at eg treng ikkje følgje mønster lenger. Strikka i Silja og denne gongen brukte eg pinnar nr 3.


Og så har eg fått ferdig eit Nepaltepp Og eit til.




Teppestabelen veks sakte men sikkert så snart kan eg kjøpe kasse på posten og sende dei til Nepal. Må forresten ta med at i denne stabelen er det to tepper som andre har strikka.















søndag 9. oktober 2011

Hyttehelg.

Sjølv om veirmeldingane var dårlege så reiste vi på hytta fredag ettermiddag. Det var regn og vind og sludd heile fredagskvelden og lørdag morgon var det snø då vi stod opp.Lørdag ettermiddag kom veiret seg så vi kunne ta oss ein tur ut.
I dagtidleg vakna vi til regn og mykje vind igjen. Ikkje mykje freistande å gå ut nei.

Så nesten heile helga vart det sofasitting og strikking. Strikka mest på eit Nepalteppe, men når eg vart lei av det så bytta eg til



eit par lange sokkar.

I dag hadde eg opprydding i hyttegarnet mitt og då fann eg nokre oldemorruter som eg har hekla for lenge sidan. Så då fann eg ut at eg skal hekle eit Nepalteppe av alle smårestane. Gjorde klar litt restar til neste hyttetur så då blir det hekling av oldemorruter.Kanskje neste helg ?













onsdag 5. oktober 2011

Tida går altfor fort..

...og plutseleg har det gått fleire veker utan eit einaste blogginnlegg. Strikkaklea til Emilie har vore ferdig lenge. Det mangla berre strikk i buksa og knapp i hua ,men det er ordna i dag. Mønsteret fann eg i eit gammalt Lanetthefte frå 70-talet.
Av og til så snur bilda seg når eg legg dei inn på bloggen og som de ser så gjorde dette det.
Då eg kjøpte garn til dette så feilberegna eg garnmenda heilt og hadde nok til berre gensaren og hua(som er strikka i Silja). Heldigvis fann eg Rubin som var nesten samme farge så eg kunne strikke bukse og. Det er nok litt meir forskjel på fargen på gensaren og buksa enn det som viser på bildet, men ikkje meir enn at det går å bruke det i lag.

Og så har eg klart å strikke opp alt av raggegarn. Alle restane er brukt og det som eg har igjen er berre nok til ein halv sokk. Her er 6 par i damestørrelse

og to par i herrestørrelse.


Litt av grunnen til lite blogging er at eg har måla hobbyrommet mitt. Tok ikkje meir enn eit førbilde


men det har forandra seg ganske så mykje. Det vart så lyst og fint og eg er veldig fornøgd. No manglar det berre nye lamper og så å henge litt opp på veggane.













torsdag 15. september 2011

Lange sokkar.

Har strikka ferdig eit par lange sokkar som har lege halvferdige minst eit halvt år. Det er vanskeleg å ta bilder av sine eigne føter så dette var det beste eg fekk til.
Dei er strikka i Silja og mønsteret stod i Familien for eit par år sidan(hugsar ikkje når).





onsdag 7. september 2011

Ullkle til Emilie.

Emilie har eg strikka litt til før og no er ho begynt i barnehage så då tenkte eg ho skulle få litt strikka ullkle. Mønsteret på gensaren har eg funne i eit gammalt Gjestal-hefte.
Mønster til buksa hadde eg ikkje men strikka den sånn midtmellom 1 og 2 år. Det skulle vel bli ca 1.5 år.

Til hua har eg brukt det mønsteret som eg vanlegvis brukar , men tok vekk spissen i panna for eg tykkjer den passar best til gutar.









Til heile settet brukte eg 500 gram Rubin. Så får eg håpe det passar. Held forresten på med eit sett til som ho skal få. I anna mønster og litt tynnare garn. Det kjem nok bilder av det i neste veke for det er nesten ferdig.



I dag har eldste dotter og eg vore ein tur til Førde og garnhylla på Spar Kjøp klarar eg eg gå forbi uten å raske med meg litt. I dag vart det ein heil pose. Mest sokkegarn som skal bli lange sokkar og det mørkebrune skal bli ulldress til Oscar.


På Rema hadde dei dette som er 55 % ull og45 % bomull. Veit ikkje endå kva det skal brukast til , men kanskje ein kjole til Hannah ?

















onsdag 31. august 2011

Etter ein lang pause...

...er det på tide å prøve å få liv i bloggen igjen. Ein av grunnane til pausen er denne gjengen her.
Alle borneborna var samla her frå 6 juli til 10 august. Kjekt å ha alle samla så lenge.
Bildet er teke på Hannah sin dåpsdag 7 august.
Om bloggen har fått kvile ei stund så har ikkje strikkepinnane gjort det. Har strikka litt heile tida.
Klarar ikkje å slutte med desse Nepalteppa og i sommar har det blitt strikka 5 til.
Brukar det eg har av restar , men hovudfargen i kvart teppe må eg kjøpe.

























Og som "vanleg" så strikkar eg sokkar om sommaren. Enkelt og greit å ha med seg i bilen og så har eg alltid liggande fleire sokkestrikk rundt omkring i huset om eg skulle ha litt ledig tid.
10 par i herrestørrelse.



Og to par i damestørrelse.




Hanna trengte litt sokkar og desse var det fort gjort å strikke på pinnar nr 3.






















torsdag 16. juni 2011

Jakke til Hannah.

Har strikka jakke til Hannah. Den er strikka sidelengs og er berre rillestrikk så den er ganske så enkel.


Hua er den vanlege enkle som sit så godt på hovudet. Bittesmå sokkar måtte det og bli.


Strikka i Dale Babyull og er str.0-3 mnd.Bilder av Hannah kan du sjå her.









onsdag 8. juni 2011

Ein fin dag

Det har vore dårleg med blogging i det siste, men i dag må eg berre trå til med eit lite innlegg.
Har lenge visst at ca 9 juni skulle eg bli bestemor til nr.6. Det er ei god stund sidan eg var ferdig med denne jakka.
Sidan ingen visste om det skulle bli gut eller jente så heilgarderte eg med både rosa og blå hue,knappar og silkeband.

Og litt før kl 5 i dag tidleg kom ei jente til verda !! passeleg stor og heilt perfekt .



Eg kom i skikkeleg strikkemodus då eg fikk den glade meldinga og har alt begynt på ei rosa og kvit jakke.










onsdag 11. mai 2011

Lite strikking.

No etter at våren kom for fullt har det meste av tida blitt brukt ute. Mest til hagearbeid og lite til strikking.Fredag skal vi på besøk til nokon i slekta og sidan "frua" i huset ikkje likar å strikke sokkar så har eg gjort det. 2 par til mannen i huset som er strikka i Raggegarn. Ja no er det ikkje mannen som er strikka i Raggegarn men sokkane.
Og så eit par i Silja og mønstret er i sokkeboka som eg skreiv om lenger nede.Er ikkje sikker på om desse passar for dei vart litt store.





lørdag 16. april 2011

Jakke til Emilie.

Emilie er ca. 9 mnd og jakka er strikka i 1 år så kanskje er den litt stor. Den er strikka i Dale babyull på pinnar nr 2.5. Mønsteret fann eg i eit gammalt Lanetthefte og det heiter Oslo. Gjekk tom for kvitt så hua måtte vere lilla.