søndag 19. desember 2010
Meir adventspakkar.
Harry Pottervottar som er strikka i dobbel Silja.
Veska er strikka i Østladnsgarn .Skulle nok vore ein mørkare raudfarge men det var denne eg hadde.
torsdag 16. desember 2010
Strikke -strikke.
søndag 12. desember 2010
Adventskalendarpakkar.
tirsdag 7. desember 2010
Adventspakke.
Sjølv om den yngste i huset er 17 år så fann eg ut at sidan ho bur så langt heimafrå så måtte ho få adventskalendar.
Og som vanleg så kom eg på det altfor seint. Planen var å strikke 24 ting , men det klarte eg ikkje(sjølv om eg fekk hjelp av eine storesøstra hennar som strikka 3-4 ting).
Så noken få ting måtte kjøpast. Eg kjem til å legge ut bilder av det eg har strikka etter kvart som det blir pakka ut.
Det første er desse sokkane. Sidan Nina er ein stor Harry Potter-fan så må desse sokkane passe godt. No har eg aldri sett ein Harry Potter-film så har eg ikkje peiling på namn eller noko ,men sjølv kalte ho dei Ravnklo-sokkane.
Dei er strikka i Silja og fuglen og bokstaven bak på hælen sydde eg på til slutt. Mønsteret fann eg på Ravelry.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEjl_7lxLwIxctChJxPm4qtQx97L9K4HFT5x5m-NdtQmpnzhr3yZfmYkg2Pw-xwjGJxzybwTW4SdL6ktfq2sm-ldEsyR38XTF5uHWAjdAAjw78G-XK6DygLkKV7QZfhTpqREBWwMAiy7ENQ/s320/klo.jpg)

mandag 6. desember 2010
Hanskar med havskummønster
Desse hanskane strikka eg i helga. Dei er strikka i Silja og mønsteret er i eit hefte frå SandnesGarn som heiter tilbehør.
I dag hadde eg dei med på jobb og gav dei til ei som eg jobbar saman med som har bursdag i dag. Ho vart veldig glad for dei og det er kjekt å gje vekk sjølvlaga ting når dei blir sett sånn pris på.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEiuF5grpWhSjJlIeP1sw-7BxtGOUVeVr5RDwjJHpivedAb4EakakzTMvxYNOciINrQJBOGi4hes83hJEdWmLoRirNfPg36kQGJBFc3Jnchuwn0efEd9Hb3GMQqoAmPbMFcIKroL9LxGfjE/s320/PC051154.JPG)
I dag hadde eg dei med på jobb og gav dei til ei som eg jobbar saman med som har bursdag i dag. Ho vart veldig glad for dei og det er kjekt å gje vekk sjølvlaga ting når dei blir sett sånn pris på.
søndag 5. desember 2010
Karius eller Baktus?
Er ikkje heilt sikker men trur det er Baktus. Uansett om det er det eine eller andre så er det kjempegodt å ha rundt halsen no i kulda. Har til og med brukt det inne når eg kjem heim og det er litt kaldt i huset.Det er strikka i Babyull og eg har brukt 96 gr. Skal lage fleire sånne men då vil eg ha det litt større.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEhQdc0dVZLmQJmbKaD_LOCFdJ6mQLJCCPsOEwjjERgmTjeKGRYsry7n_OjX1Vi44KHNIQfCiUKAkEZkeZ8mnbOwAetgtiIgEhHbIfqydwSKWRwlJj-MVNVMuITduGm4Xll1arBAljEOc2s/s320/PC051149.JPG)
onsdag 1. desember 2010
Fanagensar og adventspakkar.
Fanagensar strikka i Silja . Den skal bli julegåve til ei jente på 5 år.Har strikka ein del i det siste men det meste er hemmeleg og kan ikkje visast fram endå.
Ein anna ting eg har helde på med er advantspakkane. Hadde egentleg ikkje tenkt å lage i år men Oliver spurte for fleire veker sidan om hadde laga så då ombestemte eg meg. Her ligg 86 stk. 24 var alt levert og eg manglar 11 som ikkje er klar endå.
søndag 21. november 2010
Ein ufo......
mandag 15. november 2010
Blånissevottar
Oliver ville ha blånissevottar og sånne ønskjer må ein berre seie ja til.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
Tovinga gjekk fort,men eg var nok uheldig for det var visst litt lo i vaskemaskina så vottane har litt kvita prikkar. Strikka i str. 6-9 år og med mønster frå eit hefte som heiter Månetoppen.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
lørdag 13. november 2010
Grilling i November.
I kveld etter at det var blitt mørkt tok vi på oss godt med kle, fyrte opp i ein gammal grill med ved og grilla pølser,drakk kakao og gløgg.
Alle dei 5 borneborna var med.
Trur dei tre nederlandske borneborna tykte det var litt rart å grille ute i snøen og mørkna.
Etter maten var det fram med kjelkar og akebrett.
Trur det er noken små som kjem til å sove godt i natt.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEgIBL-1UoGukFAvTHEOOxpXPV8Fns919n6anloeT3Lja71mLUvOtLoNrAtrvOY2TjNVIA2iHWo_2MTO5JbiJFTGDycVITQ8Rd3ZJdv-_4Fm1gasbXnDfJhd-_ArW5wPv1S_MdTplTXDCIA/s320/grilling.jpg)

fredag 12. november 2010
Jakke til Emilie
tirsdag 9. november 2010
Litt småtteri.
Ei ullbukse str. 2 år. Strikka i Lanett.
Sokkar strikka i viking Sportsragg. Desse er ca 36-37 og dei har eg gjett vekk for lenge sidan.
3 par lange sokkar som er strikka i Jarbo garn.Desse er veldig raske å strikke for eg trur eg brukar pinnar nr. 3,5.
onsdag 3. november 2010
Setesdalsgensar
Har strikka gensar til Oscar. Mønsteret heiter Setesdal og eg fann det i eit gammalt mønsterhefte frå Gjestal.No har eg ikkje følgt mønsteret heilt for mønsteret på hua skule vore øverst på armane,men eg strikka berre "lus" der.
Gensaren er strikka i Silja og er størrelse 2 år og den passa heilt fint.
søndag 31. oktober 2010
Flytting av fisk.
I dag vart dei 4 fiskane som var i den små dammen flytta ned i den store.Det er nok ikkje lenge før dei går i "dvale" for dei var så sløve at det gjekk fint å fange dei med hendene.
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEixNHq-3_3m4c3zVnMKCFTFXdWuEJEYNgUn_VXGwQ1bLEy9Ooutfg0tw4KYgc0NiI_nYvhSjCDmkoTqgiYiMBmyEkety4A_aXgA83_aATlon8WAylYB4AA9v4mybYKpCqMbz_IcGtNbtOs/s320/PA311113.JPG)
![](https://blogger.googleusercontent.com/img/b/R29vZ2xl/AVvXsEguNy6wDZYXK9NwjZfy7KQWoA3VhZrH8suBc9dhliIJs1-GXoRiKappYP4c2DjQlDUr90uPn-okSTWx-3IFC8ah_MsPLq0uBYrKmRsn8BAkvRvvBvSADllHaxqGEU6yjtFPYkD6fx2R3Mk/s320/PA311114.JPG)
Så får vi håpe på at denne vinteren ikkje blir så kald som den som var i fjor ,for då daua alle fiskane.
Ellers i dag har eg helde på å montere ein gensar som er noko av det kjedelegaste som finst.Planen var at det skulle gjerast i går men då oppdaga eg ein kjempetabbe eg hadde gjort så det enda med at eg måtte rekke oppigjen nesten halve bolen.No har eg strikka den oppigjen og no skal eg strikke halsen og så er den ferdig !!
Så får vi håpe på at denne vinteren ikkje blir så kald som den som var i fjor ,for då daua alle fiskane.
torsdag 28. oktober 2010
Sokkar til Anicia.
søndag 24. oktober 2010
Heime igjen.
Turen gjekk fint sjølv om starten ikkje såg så lovande ut.Etter at vi var komt på plass i flyet oppdaga eg to karar ute på ein flyvengja som studerte nøye ei sprekke i malinga.Etter ei stund forsvann dei men kom tilbake fleire gongar og såg meir på sprekka.
For ei med litt flyskrekk var ikkje dette så veldig beroligande , men med spøt og eit glas rødvin så roa nervane seg.
Heile veka heldt desse tre oss med selskap medan mammaen var på jobb.Litt språkproblem var det av og til , men heldivis snakkar eldstemann norsk så han var tolk.
For ei med litt flyskrekk var ikkje dette så veldig beroligande , men med spøt og eit glas rødvin så roa nervane seg.
fredag 15. oktober 2010
I full fart !!!
Er innom i full fart for å fortelje at i morgon set vi oss på flyet til Amsterdam for å besøkje denne gjengen(borneborna og dotter vår). Ei heil veke får vi i lag med dei og det gledar vi oss veldig til!!!
Har strikka litt og. Ei ullbukse i Smart og Rubin i ca 1.5 år. Den passa heilt flott til han som skulle ha den.
2 par er ferdige ,men eg må nok lage fleire når eg kjem heim igjen.
Desse er strikka i restar av Smart og Rubin.
Har pakka masse strikkesaker så eg skal nok ikkje kjede meg på turen !!
onsdag 6. oktober 2010
huer.
I helga strikka eg 4 huer til Oscar.Nr 1 frå venstre er strikka i Lanett,nr 2 i Babyull og dei to siste i dobbel Babyull. På dei to første la eg opp 44 m og på dei to i dobbelt garn 32 m.
Dei passa heilt perfekt og det tenkte eg at eg skulle vise ,men det er neimen ikkje lett å ta bilde av ein som ikkje klarar å vere i ro i meir enn eit halvt sekund i gongen. Skulle nok hatt eit raskare kamera ja.
søndag 3. oktober 2010
Prematurstrikk.
For 2 år sidan kom eg over ein blogg til ei dame som strikka huer og sokkar som ho gav til ei sjukehusavdeling for fortidlegfødde. Dette såg så kjekt ut at eg måtte berre prøve. Så eg strikka dette ,men så hadde eg ikkje nokon adresse å sende det til og visste heller ikkje kva for sjukehus som kunne ta imot sånt. Så det vart berre liggande heilt til for to veker sidan då kom eg over denne bloggen og dama som har den tar imot og leverer det på eit sjukehus som kan bruke det.
Eg tykte eg hadde litt lite å sende så eg fann fram babyullrestane mine og strikka litt til.
Abonner på:
Innlegg (Atom)