søndag 31. oktober 2010

Flytting av fisk.

I dag vart dei 4 fiskane som var i den små dammen flytta ned i den store.Det er nok ikkje lenge før dei går i "dvale" for dei var så sløve at det gjekk fint å fange dei med hendene.


Så får vi håpe på at denne vinteren ikkje blir så kald som den som var i fjor ,for då daua alle fiskane.
Ellers i dag har eg helde på å montere ein gensar som er noko av det kjedelegaste som finst.Planen var at det skulle gjerast i går men då oppdaga eg ein kjempetabbe eg hadde gjort så det enda med at eg måtte rekke oppigjen nesten halve bolen.No har eg strikka den oppigjen og no skal eg strikke halsen og så er den ferdig !!






3 kommentarer:

Linda sa...

lykke til til fiskane!!!!

du er ein racer med dei gensarane du... med allt av strikking egentlig.. komme meg opp til deg og bli inspirert..

Linda sa...

Mine fiskar, iallefall dei som har overlevd sommaren har flytta inn i garasjen. har du ei luft pumpe på slik at ikkje heile dammen frys. Det er kjempe viktig. Kjedeleg med slike tabbar.

Strikkebesta sa...

Håper verkeleg at fiskane klarer seg gjennom vinteren i år. Eg veit du var spent - og vart skuffa - i vår då isen forsvant frå dammen, så lykke til denne gongen!
Monteringsarbeid tek tid, men når ein har sttrikka så flott genser så er det no kjekt å få hen ferdig også:)