søndag 29. november 2009

Nei dette fekk eg ikkje til.

Den andre monsterbuksa er ferdig og eg er like misfornøgd med denne.Kjem nok ikkje til å bli laga fleire sånne av meg.
Eg hadde bestemt meg for å ta igjen den rosa og ta vekk monsteransiktet men fann ut at det tok for lang tid.Så i staden laga eg den blå lik ,men med mindre munn.
Eg likar dei best på framsida.No skal eg pakke dei inn og prøve å gløyme heile greia.Håpar blånissehua som eg strikkar på blir meir vellukka.




onsdag 18. november 2009

120 pakkar...

...er klare til 5 adventskalendarar. Har fått litt hjelp både til innkjøp og innpakking.Her sit ein fornøgd Oliver og gledar seg til advent.



lørdag 14. november 2009

5 små lange.

5 små lange som skal bli pakkar i adventskalendarane.Det små til venstre er strikka i Fabel, det rosa i Rubin og dei andre blå i Labbetuss.Veit ikkje om borneborna blir så veldig glad for strikkasokkar i kalendaren , men i lag med litt snop så går det vel.

onsdag 11. november 2009

Tur.

Ja no er halve ferieveka gått og eg har ikkje gjort anna enn å strikke litt og lage mat. Så i dag fann eg fram joggeskoa og tok ein tur i skogen.Tok ein anna veg enn den som vi brukar på hytta. Ein som ikkje er så bratt og tung å gå. Eit stykke oppe i skogen fann eg denne kosten som hang i eit tre. Veit ikkje heilt kven som kostar i skogen eg. Nissen ?
Turen enda her(som vanleg) .

På veg heim kom sola fram.

Neste gong eg skal på tur skal eg ta med litt mose heim for denne var så grøn og fin. Og no lurer eg på om eg må kjøpe meg nytt kamera.Tykkjer bildene blir så utydelege.Når eg ser dei store på skjermen er dei klår og fine og så små som dette så er dei heilt forandra. Nokon som har eit godt råd ??





tirsdag 10. november 2009

Eg er veldig glad....

..eg bur litt oppe i høgda for tenk på dei stakkarane som bur nede i skodda.

mandag 9. november 2009

Min nye hjelpar på kjøkkenet.

Ikkje heilt ny ,men lite brukt.Kjøpt på Finn.no for 1/3 av prisen av ein ny.Har ein Kenwood frå før men bollen på den er litt for liten til brød og så eltar den for dårleg.Her eltar den deig til rugbrød og seinare i veka skal den prøvast på vanleg brøddeig.



lørdag 7. november 2009

Mange lange....

...sokkar.Første par er strikka i Sportsragg. Litt tjukt for meg som likar å strikke med pinnar nr.2.5 for på desse brukte eg nr 4. Det var godt å strikke med og så vart mønsteret bra likt på begge sokkane og det likar eg. Par nr 2 er strikka i Labbetuss.


Nr.3 er strikka i MorÅse. Vanlegvis heilt forferdeleg å strikke med , men når eg vaskar det først så blir det mjukt og fint.
Nr. 4 er strikka i Viking sportsragg.Det var nok dette som var best å strikke med bortsett frå at i eine nøstet var det minst 4 knutar.


Så 5 par som eg strikka tidlegare i haust.Dårlege bilder ,men dei fleste har eg gjett vekk så eg kan ikkje ta nye.Dei er strikka i ulike garntypar som eg har liggande. Dei grå /kvite blir kanskje ei julegåve.






onsdag 4. november 2009

Vottar.

Har strikka Kari og Ola-vottar i Rubin. Bytta om på fargane for i mønsteret var botnfargen kvit. Dei er størrelse 2-4 år og skal brukast til pakkar på adventskalendarar.
Mønsteret fann eg i denne boka som eg har lånt på biblioteket.


søndag 1. november 2009

Novemberkaktus.

No blomstrar den for fullt for andre gong i år.Over 30 blomster og knoppar på nesten kvar einaste grein.Sist flytta eg den og då datt mange knoppar av så denne gongen skal den få stå i ro.