onsdag 11. november 2009

Tur.

Ja no er halve ferieveka gått og eg har ikkje gjort anna enn å strikke litt og lage mat. Så i dag fann eg fram joggeskoa og tok ein tur i skogen.Tok ein anna veg enn den som vi brukar på hytta. Ein som ikkje er så bratt og tung å gå. Eit stykke oppe i skogen fann eg denne kosten som hang i eit tre. Veit ikkje heilt kven som kostar i skogen eg. Nissen ?
Turen enda her(som vanleg) .

På veg heim kom sola fram.

Neste gong eg skal på tur skal eg ta med litt mose heim for denne var så grøn og fin. Og no lurer eg på om eg må kjøpe meg nytt kamera.Tykkjer bildene blir så utydelege.Når eg ser dei store på skjermen er dei klår og fine og så små som dette så er dei heilt forandra. Nokon som har eit godt råd ??





2 kommentarer:

Strikkebesta sa...

in vesle mini-pc ser bileta dine klare og fine ut. Eit herleg område de har hytte i, absolutt turterreng! For den som er litt kreativ er det mykje fint ein kan bruke mose til.

Linda sa...

Nyyyyyyyyyyyyyyydelige bilder!!! NYDELIGE!!!
bildet på toppen og!

NYDELIG!!

sånne bilder vil eg ha masse av slik at eg kan henge dei på veggen min....