fredag 18. mai 2012

Takk..


for dei "gode" kommentarane på forrige innlegg - gjere godt i sånne tider.
Eg fortset no strikkinga mi eg. Når våren let vente på seg og det er kaldt og utriveleg ute er det ikkje så mykje anna å finne på enn å sitje inne å strikke. Hannah har fått seg Mariusgensar. Strikka i Vking babyull . Strikka den i str.12 til18 mnd og den passar akkurat til Hanna som er 11 mnd. Kjøpte garn nok til bukse og for planen var at den skulle vere passeleg til hausten når ho skal i barnehagen.Så eg må nok strikke ein ny til den tid.

4 sett med prematurstrikk har eg og fått ferdig.No er det starta eiga gruppe i Sogn og Fjordane så dette kjem til å bli brukt i Førde.Kan og levere det på ein lokal stad så eg slepp å sende det i posten. Det som er på det øverste og nederste bildet er strikka i babyull og det i midten er Lanett.
Det blå teppet frå forrige innlegg er blitt større.Skulle gjerne hatt det endå større men er tom for blått , så enten må eg finne ein lik blåfarge eller bruke ein heilt anna farge på ruter rundt heile teppet.