Både straum og internett forsvann fredag kveld. Grunnen var dette .MASSE SNØ !!

Det kom eindel snø men at det skulle gå eit døgn før straumen kom igjen var det ingen som forstod . Ringte ein kraftselskapet sa dei at det var mykje snø og mange feil, at heile selskapet var reist til bergen på julebord var det ingen som sa noke om . Det vart både kaffi og egg lørdag morgon.

Vi har elektrisk pumpe på vatnet så når straumen er vekke er vatnet vekke og , så egga vart avkjølt med snø (det hadde vi iallfall nok av)


Fuglemathuset fekk ein høg hatt på seg.

Utelampa hadde tatt på seg ei kvit nissehue.

Internett kom igjen først i dag . Dei to ungdommane i huset har etter det eg har forstått hatt fire "forferdelege " dagar.