torsdag 30. april 2009

Nett som på Biri

Det tar visst ikkje slutt på loppemarkeda her nede. Idag har vi vore på eit som var like stort som Mjøsmarknaden brukar å vere.Dei feirar dronninga si her nede i dag så alle har fri .Det var tjukt av folk overalt så vi har gått i "kø" i heile dag.Det er nok ikkje rette staden å gå vis ein ser etter norsk porselen som eg alltid leitar etter men her var alt muleg av andre ting. fine dokkestolar.

Eg har fleire gamle dokker heime som kunne passe til dei så denne skal eg ha med heim.Veit ikkje heilt korleis eg skal få den med. Tenkte på å demontere den og sette den sammen igjen heime ,men den er nok for godt limt så det går ikkje.Muleg den går i handbagasjen . Siste utvei blir å sende den i posten.


Salt og peparbøssesamlinga mi vart utvida med desse.Vi har gått laangt i dag så no er det føtene på bordet og rødvin i glaset.





tirsdag 28. april 2009

På marked

Kvar tysdag og lørdag er det marked her. sidan vi skal heim lørdag så hadde vi sjangsen berre i dag. Hadde håpa på fint veir men sjølsagt vart det regn.Tok altfor lite bilder for det var så kaldt .Det var sikkert 30 boder berre med stoff og alt av syutstyr.
Blomster var det og mykje av.Tenkte eg skulle kjøpe med løkar heim , men det fann eg ikkje.Såg at det var på flyplassen så vis vi har god tid lørdag så kjøper eg litt då.
Bruktmarked var det og med møblar og mykje anna .

Det einaste eg kjøpte var eit fat med 8 ulike fuglar og så var det 8 mindre fat med ein og ein fugl.













søndag 26. april 2009

Loppemarked

I går når vi køyrde til Bergen så køyrde vi forbi eit skilt der det stod at det var loppemarked på ein skule der. På ein busshaldeplass like ved stod det mange folk som hadde vore der for alle hadde bæreposar og alle posane var ulike(tok det som eit teikn på loppemarked).Men vi HADDE IKKJE TID TIL Å STOPPE.Tenk om vi kom for seint til flyet pga eit loppemarked !!! Men så i dag då vi skulle ut og handle mat så kom rett opp i eit .Ikkje sånn som vi er vant til heime for her stod folk og selde sine ting. Vi gjekk no rundt og såg litt og då "snappa" Linda opp at ikkje so langt vekke så var det eit som var større.

Dette var mykje større og her var alt frå fint porselen til rusta skruer.




Denne lampa kunne eg gjerne teke med heim for ca 300 kr(om kofferten var stor nok).

Det eg enda opp med var denne skåla

og ein lysestake med englar. Eg såg på nokre andre ting og men kan ikkje fylle opp kofferten første dagen.




fredag 24. april 2009

Vi e klar !!!!

..nesten. Litt meir må pakkast men det meste er klart.Det som ikkje er klart er kva for eit strikketøy eg skal ha med. Har tenkt i fleire dagar men kjem ikkje på noko lurt så då blir det vel sokkar!!Reisefeber har eg ikkje , men han som eg skal reise saman med har visst hatt det i fleire dagar.Så i morgon kveld ca. 19.15 landar vi i Amsterdam og då står han her og mamma`n og ventar på oss.Dei må hente oss på flyplassen for ellers er det ikkje godt å vete kor vi havnar henne(bønder i by`n). Dette bildet av Chris tok eg sist haust då vi kom ned. Når han såg oss hoppa han rundt heilt vill og galen.
Desse to har nok både vokse og forandra seg sidan oktober.Er spent på om Gwen kjenner oss igjen .Kevin var berre litt over 1 år så han var nok for liten til å hugse oss.Vi GLEDAR oss til å treffe dokke igjen !!!! Vi har med laptopen så kanskje blir det eit reiseinnlegg eller to ?


onsdag 22. april 2009

Tenk om....

...det hadde gått an å strikke uten å måtte feste alle desse hersens trådane. Då hadde desse 8 par sokkar vore vaska og klare til bruk.I staden ligg dei her heilt ubrukelege !!!
Ikveld skulle eg egentleg skrive om alle løkane og alle dei fine ,store uteblomsterpottene som eg skulle kjøpe på Europris i dag.Hadde store planer om alt eg skulle handle men vart sørgeleg skuffa. Europris hadde berre noko plastskrammel som iallfall eg ikkje vil ha for her på Skinlotoppen må vi ha noko som toler både sol og vind.

søndag 19. april 2009

Det perfekte strikket..........

.........når ein site ute på kjølege vårkveldar må vere eit teppe.Eg helde fortsatt på med lappeteppet men no manglar det berre 14 ruter.Så denne veka skal eg vere ferdig med strikkinga.Lurte på om eg skulle hekle ein kant rundt men eg veit ikkje om eg orkar.Skal ha eit stoff på baksida for der er det ikkje fint.
I kveld når eg sat ute kom det eit rødstrupepar på besøk.Tok eit bilde men det er litt dårleg.
Dammen har vi gjort noko med i dag men sånn er den no.




lørdag 18. april 2009

Georginer

Tidlegare i vår kjøpte eg to pakkar med georginerøter.I dag såg at dei var såvidt begynt å spire og fann ut at det var best å få dei jorda.
Eg lurte litt på kva som var opp og ned på rota , og fann ut at det måtte vere sånn dei skal stå .





Idag har vi jobba med dammen ,men eg har ikkje noko bilde . Kanskje i mårå ?



torsdag 16. april 2009

Vi har funne stein !!!

Og det vil sei MASSE stein . Vi fekk ikkje lov å hente der vi hadde tenkt så då måtte vi finne på noko anna.Heldigvis var det ein som visste om eit grustak der det var mykje fin stein og her kan vi hente så mykje vi vil.Her rasar det ned stein heile tida så søndag skal vi ned og hente meir.
Dette har vi henta i kveld.Flott stein som er rund og fin og som passar perfekt til å ha rundt dammen.
Sånn ser dammen ut no. Vi har fått vekk den store klompen i enden og no skal den gravast litt djupare og så trur eg den må vere litt større.I mårå er det fredag og det er meldt fint veir i helga så då skal vi grave !!!!




mandag 13. april 2009

Siste dagen i påska......

...brukte vi i skogen.Nesten heile gjengen (8 stk) vart med.Veiret var kjempebra og eg angra fort på at eg ikkje hadde på meg t-skjorte i staden for ullskjorte.Vinden hadde ruska i preseningen så karane måtte ordne det.

Griling vart det i dag og. Og med deig utapå pølsene som smakte mykje beire enn vanlege pølsebrød.
Oliver saga ved på harde livet.

Vi har laga til eit lite vedlager så vi kan fyre opp bålet med det same vi kjem opp.


Ikkje noke å seie på utsikta!!!!









lørdag 11. april 2009

På jakt etter stein

I dag vart det ikkje så mykje graving for det begynde å regne. Så i staden tok vi ein tur og såg etter stein.Trudde det skulle bli vanskeleg å finne fin stein men det første vi såg var denne store steindongen som noken har tatt opp av vatnet.Vi må finne ut kven eigaren er og høyre om vi får lov å ta her for her er mykje fin stein.
Her er det nok råd å finne litt og.
Det er nok ei dårleg tid å leite etter stein for det rann vatn alle stader.




fredag 10. april 2009

Hagedamprosjektet....

..går mykje fortare enn eg hadde trudd. Har i mange år hatt lyst på hagedam og no er vi i gong.Denne bekken laga vi då vi bygde huset for 26 år sia men vi har aldri brukt vatnet i den for då den var ny kom det silosaft frå naboen i den.Etter det har den berre stått der til ingen nytte.
Planen er at denne skal vekk og under den er det to ringar til.Så skal det støypast eit finurleg lok som gjer at ingen kan dette nedi men med opning sånn at fisken kan gå nedi . Då kan fisken vere i dammen om vinteren og.
Så langt kom vi i dag.Vi må bygge opp nederste kanten litt for plenen er ikkje heilt flat.Og så må vi grave den fremste delen litt djupare.

Den ser ikkje så stor ut så vi får sjå om vi utvidar den litt i mårå.






torsdag 9. april 2009

Eg har strikka....

...påskegryteklutar ..
og påskekjøkkenklut.Dette mønsteret er fint å bruke på sokkebrot og
No blir det påske på kjøkkenet.Akkurat no luktar det jul der for eg drive å kokar pinnekjøt som vi skal ha til midag i dag.




onsdag 8. april 2009

Påskegg..

..ja det må vi ha. Sjølv om dei to "minste"er 19 og15 år så får dei fortsatt påskeegg.Vanlegvis får dei ikkje egga før påskeafta men sidan vi har eit barnebarn på overnattingsbesøk så passte det at dei fekk egga i kveld.



Jakke

Veit ikkje heilt kor fornøgd eg er med denne.Trur den var finare på bildet på mønsteret enn no når eg har strikka den.Men eg kjem ikkje til å rekke den oppigjen for først strikka eg ei anna jakke med denne tråden og var nesten heilt ferdig då eg såg at eg hadde for lite tråd.Så rekte eg oppigjen heile greia og fann dette mønsteret.Så no blir den sånn og så får vi sjå om den kan passe til nokon eingong.