fredag 3. april 2009

VÅR !!!!

Ja no trur eg våren er komen her og. I kveld sat vi ute til kl. 9 men då var det "berre" 6 grader ute så då vart det litt for kaldt sjølv om eg hadde termodress. Påskeliljene er såvidt komt opp.
Noken snøklokker har vore framme nokre dagar.
Og noken av løkane som eg planta ut i haust er komt opp.Dei ser litt pjuskete ut men stakkarane fekk vel sjokk når dei vart sette ut seint på hausten i iskald jord med 10 cm snø oppå.Eg trudde ikkje dei kom til å komme igjen for mange av dei spirte når eg planta dei ut men jammen har dei overlevd vinteren.
I mårå er det meldt fint veir så då skal eg vere ute heile dagen.Vi har noken hageplanar på gang men dei forandrar seg heile tida så vi får sjå kor det endar.





1 kommentar:

Linda sa...

Heldig du som har vår. Det er lenge til eg har vår, noko som eg no misunner dei som bur i sentrum av sogndal. Eg har framleis 80 cm snø. Men eg ser nesten at den smeltar frå dag til dag......tek bilde av da samma ofta so ser eg kor mykje som eigentleg forsvinn... ha ein fin dag...... her skin sola frå klar himmel....