Er innom i full fart for å fortelje at i morgon set vi oss på flyet til Amsterdam for å besøkje denne gjengen(borneborna og dotter vår). Ei heil veke får vi i lag med dei og det gledar vi oss veldig til!!!

Har strikka litt og. Ei ullbukse i Smart og Rubin i ca 1.5 år. Den passa heilt flott til han som skulle ha den.

Sidan dei minste i barnehagen brukar strikkavottar så fekk eg jamment bestilling på det og.
2 par er ferdige ,men eg må nok lage fleire når eg kjem heim igjen.
Desse er strikka i restar av Smart og Rubin.
Har pakka masse strikkesaker så eg skal nok ikkje kjede meg på turen !!