Har strikka ein ulldress til Oscar som han skal ha under regnklea i barnehagen. Strikka den i dobbel Daletta på pinnar nr 3.5. Den vart nok litt trongare enn eg hadde tenkt.
Oscar var godt fornøgd for det er traktor på ryggen. Tilogmed Besten sin Fendt.
Har og strikka eit par lange sokkar i eit mønster som eg har strikka så mange gongar at eg treng ikkje følgje mønster lenger. Strikka i Silja og denne gongen brukte eg pinnar nr 3.
Og så har eg fått ferdig eit Nepaltepp
Og eit til.
Teppestabelen veks sakte men sikkert så snart kan eg kjøpe kasse på posten og sende dei til Nepal. Må forresten ta med at i denne stabelen er det to tepper som andre har strikka.
3 kommentarer:
Hei Ingrid:)Jammen mykje fint her på bloggen din. Du er jammen ei utruleg kreativ og produktiv dame:)Akkurat som systa di.Ha ei fin veke:)mvh RGH
Nydelig dress til en nydelig gutt. Jeg lurer fortsatt på om du strikker i søvne :-)
Hei!
Så flott ulldress med traktor og greier! Tipper den blir populær. Så mange og fine pledd du strikker til Nepal, imponerende innsats. koselig at du vil følge bloggen min, fersk som jeg er. :O) Har lagt meg til hos deg også. Ha en fin strikkende uke!
Nina
Legg inn en kommentar