mandag 8. september 2008
ARV del 1
Etter at eg fann fram bildet av dei to gutane med fiskane i eit tidlegare innlegg så begynde eg å tenke på eg har noken andre ting og som eg har arva etter mor mi og som er pakka vekk i skåp og skuffer. Eg har ikkje hatt lyst å ha dei framme for dei høyrer liksom ikkje til her i huset.No har det gått noken år sidan eg fekk dei og no har eg lyst å ta dei fram og glede meg over dei .Det første eg fann fram var denne djupe tallerken .Trur det er tysk porselen .
Eg har lyst å henge den på veggen på kjøkkenet .Tenkte på å kjøpe sånn som ein limer bak på bilder med hempe i .Men er limen sterk nok ?
søndag 7. september 2008
Første ferdig
BILDE
Trollkåno har vore på loppemarked og funne eit bilde som er heilt likt eit som hang på kjøkkenet i barndomsheimen vår.No er eg så heldig at eg har det bildet og sidan ho er litt usikker på fargen på råma , så har eg tatt noken bilder av det .Men eg veit ikkje om du blir noke klokare av desse bilda, for det er vanskeleg å få fram rette fargen.
her er det litt nærare.Eg tykkjer fergen er litt meir grønaktig enn på bilde.
fredag 5. september 2008
torsdag 4. september 2008
FERDIG!!
I går gjorde eg ferdig dette settet. Teppet var det som tok lengst tid . Har strikka på det i heile sommar (når eg har orka å strikke also).Ho som skal få det vart født i slutten av juli så det er på tide det blir pakka inn og overlevert .Godt å vere ferdig !!
Ho som skal få dette vart født i dag tidleg.Det skal pakkast og leverast så fort som muleg .
tirsdag 2. september 2008
I gong
No er i gong med strikkinga igjen og det er GODT !! Så i kveld har eg det sånn rundt meg. Skulle nok vore flinkare å gjere ferdig ein ting før eg begynde på noke nytt. Da er ikkje so lett når ideeane dukkar opp på rekke og rad . I kveld har eg vore flink og berre gjort ferdig ting .Strikka ferdig ein oppvasklut og festa trådane på to stykke.No skal eg hekle kant på det lilla/rosa teppet .
Eg er litt meir usikker på mårådagen for her ligg noke som har vore planlagt ei stund .
Abonner på:
Innlegg (Atom)