onsdag 1. desember 2010
Fanagensar og adventspakkar.
Fanagensar strikka i Silja . Den skal bli julegåve til ei jente på 5 år.Har strikka ein del i det siste men det meste er hemmeleg og kan ikkje visast fram endå.
Ein anna ting eg har helde på med er advantspakkane. Hadde egentleg ikkje tenkt å lage i år men Oliver spurte for fleire veker sidan om hadde laga så då ombestemte eg meg. Her ligg 86 stk. 24 var alt levert og eg manglar 11 som ikkje er klar endå.
søndag 21. november 2010
Ein ufo......
mandag 15. november 2010
Blånissevottar
Oliver ville ha blånissevottar og sånne ønskjer må ein berre seie ja til.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
Tovinga gjekk fort,men eg var nok uheldig for det var visst litt lo i vaskemaskina så vottane har litt kvita prikkar. Strikka i str. 6-9 år og med mønster frå eit hefte som heiter Månetoppen.
Har strikka dei i Nissegarn kjøpt på Europris.Brukte pinnar nr. 5 så dei var ferdige på eit par timar. Før toving.
lørdag 13. november 2010
Grilling i November.
I kveld etter at det var blitt mørkt tok vi på oss godt med kle, fyrte opp i ein gammal grill med ved og grilla pølser,drakk kakao og gløgg.
Alle dei 5 borneborna var med.
Trur dei tre nederlandske borneborna tykte det var litt rart å grille ute i snøen og mørkna.
Etter maten var det fram med kjelkar og akebrett.
Trur det er noken små som kjem til å sove godt i natt.

Alle dei 5 borneborna var med.
Trur dei tre nederlandske borneborna tykte det var litt rart å grille ute i snøen og mørkna.
Etter maten var det fram med kjelkar og akebrett.
Trur det er noken små som kjem til å sove godt i natt.

fredag 12. november 2010
Jakke til Emilie
tirsdag 9. november 2010
Litt småtteri.
Ei ullbukse str. 2 år. Strikka i Lanett.
Sokkar strikka i viking Sportsragg. Desse er ca 36-37 og dei har eg gjett vekk for lenge sidan.
3 par lange sokkar som er strikka i Jarbo garn.Desse er veldig raske å strikke for eg trur eg brukar pinnar nr. 3,5.
onsdag 3. november 2010
Setesdalsgensar
Har strikka gensar til Oscar. Mønsteret heiter Setesdal og eg fann det i eit gammalt mønsterhefte frå Gjestal.No har eg ikkje følgt mønsteret heilt for mønsteret på hua skule vore øverst på armane,men eg strikka berre "lus" der.
Gensaren er strikka i Silja og er størrelse 2 år og den passa heilt fint.
Abonner på:
Innlegg (Atom)