lørdag 29. november 2008

I kveld

har vi vore i sommarhagen og pynta den til advent (og jul).Har hengt opp raude gardin, stjerner og noken nissar og mus i glasa .Det er så fint når det kjem litt lys der no når det er så mørkt.






På hobbyrommet er det advent og. På bordet er det lilla duk og lys (ser ut som det er mørk raud). Måtte ha litt kvitt oppå for det vart litt mørkt med berre lilla .I mårå må eg finne ein kvit som er litt mindre for dette vart for mykje kvitt

I glaset er stjerna på plass . Ikkje sjå på det som henge på gardinet til venstre for det er påskeegg som vi kjøpte då vi var i Praha i påska .Dei skal eg ta bilde av ein anna gong for dei er "heimelaga " og ganske fine.

I stova er det adventsstakar i alle fire glasa.I mårå skal vi lage til lysa som vi har ute på noken tre og verandaen , så kanskje da kjem litt bilder då og.








1 kommentar:

Linda sa...

so fint det vart!!!
skikkeleg stemning! fekk litt heimlengsel no ja...