torsdag 22. januar 2009

Ny gensar

til Oliver (barnebarn nr2). Har strikka den i Smart og mønsteret er frå ein smartkatalog. Så er det vel ingen som ser at halsen er litt mørkare grå enn resten av det som er grått. Sånn kan det gå når ein har fleire ting på gang på samme tid. Innimellom gensaren heldt eg på med grå/blå stripete sokkar og i farten tok eg feil gråfarge , men eg fann ut at det viser ikkje så mykje så eg tok det ikkje oppigjen . Planen var at den skulle vore ferdig til sist lørdag for da feira vi 5.årsdagen hans men det nådde eg ikkje.
Trur det passar fint med syklistar til han som køyrer motorsykkel sjølv .
Her er eg begynt på gensar til barnebarn nr 3 . Mønsteret vil eg ikkje vise for mora er innom her ofte.
Og i dag har eg prøvd meg på brødbaking igjen. Trur eg har laga meg ei oppskrift som fungerar. Det ser iallfall bra ut og det luktar nysteikt brød i heile huset. Det er god lukt det !!!!!






2 kommentarer:

Linda sa...

flott motorsykkelgensar!!! sikker på at den kjem til å bli mykje brukt!!!

og snik eg vart forferdelig nysgjerrig på den gensaren til 3mann no altso!!!

Eg minnast lukta av nysteikt brød.. åh. .med norvegia og paprika... steik no vart eg svolten her...

Rosa sa...

for ein kul gensar! Tippar guten vart godt nøgd med den :)

Og eg ser kven den neste gensaren er til - den blir nok nydeleg fin, den òg.

Nysteikt brød - det kan eg ikkje hugse sist eg lukta, eller smakte. Flink husmor, du!

god helg!