søndag 28. juni 2009

Ei utruleg flott helg

har vi hatt på hytta.Vi har stort sett gjort på ingenting, berre slappa av.I går var vi på ein tur som eg skal skrive om seinare.I dag gjekk vi på ein liten tur ,men med 26 gr i skuggen fann vi fort ut at det var best å holde seg i ro så då vart det sokkestrikking i staden.
I gårkveld steikte vi mat ute på steinen.Marinert flintsteik,potetbåtar med urter og fløytesaus.Du kan tru det smakte godt !!!!!


1 kommentar:

Linda sa...

No vart eg nysgjerrig på kva for tur dåkke har vore på....

maten såg jo berre liiiittt fristande ut då... *slafs*