mandag 10. august 2009

Det er stilt i huset i kveld..

Chris er reist tilbake til Nederland og Oliver heim til seg.Tante Nina reiste i lag med Chris så slapp han å reise åleine og så får ho seg ein liten tur før skulen startar igjen.Det har vore to veker fulle av liv og fart og desse to har hatt det veldig kjekt i lag. Har ikkje høyrt at dei har krangla ein einaste gong.Eg har heller ikkje tal på alle isane dei har klart å få i seg.Så håpar eg at det ikkje blir så altfor lenge til dei får treffast igjen.
På veg tilbake frå Bergen var eg innom fabrikkutsalget til Hillesvåg ullvarefabrikk.Det har eg tenkt på mange gongar når vi har køyrt forbi men det har aldri passa.I dag var vi tidleg ute så då var det ope.Eg vart litt skuffa over trådutvalget, men eg fann ut at når eg endeleg var der så måtte eg kjøpe noko. Så det vart 6 hesper sokketråd.Er ikkje heilt sikker på kva det heiter men eg meinar det var Ragg.No skal eg ut og nyte siste resten av sommaren.Det er siste ferieveka mi og den skal brukast til siste minutt


2 kommentarer:

Linda sa...

da var no fine fargar på sokkegarnet då, den lyselilla va søte;)

tenkjer det er stillt ja, her er det ikkje stillt... ikkje sjokkerande kanskjs;)

Strikkebesta sa...

Stilt blir det etter at sommargjestene har reist, ja, men det er no ei god stillheit også, særleg når ein sit att med mange trivelege minner:)