torsdag 3. september 2009

SOOOL !!!!!!

Kva gjer ein når ein kjem heim ein ettermiddag og sola skin i frå blå himmel etter veker med regn og ein var fast bestemt på å gå rett i kjellaren og måle. Det vart ikkje måling i dag for eg fann fram strikkinga mi ,ein hagestol og sette meg ved dammen .Strikka litt ,såg litt på fiskane og høyrde på vatnet som rann.
No held eg på med eit babyteppe og det strikkar eg rett frå ei 2-kg hespe med bybyull.Det einaste eg fann som"hespeholdar"er ein kontorstol og heile greia bar eg ut på plenen.Trur postmannen lurte litt men pytt,pytt eg hadde det heilt flott i sola.


1 kommentar:

Linda sa...

DITTA såg herlig ut... det der må vere den perfekte dagen altso...

*minna meg på at kanskje eg lyte blogge litt anna enn strikking eg og...*