lørdag 1. mai 2010

Pingvinsokkar.

pingvinsokkane har vore ferdige lenge og vart tekne i bruk før eg fekk teke bilde av dei.No var dei innom for vask og då nytta eg sjangsen til fotografering.
Dei er strikka i Silja og mønsteret er i ei bok som heiter Fabelaktige føtter og koselige tær.I boka er der fleire sokkar som eg skal strikke når eg får tid. Tid er det for lite av no og det kjem nok til å merkast på bloggen. Det vert nok lite med innlegg framover men eg håpar å komme sterkare tilbake når eg er ferdig med eindel av det som må gjerast ute.
I dag stod vi opptil dette ! Sola kom heldigvis og no er det meste av snøen vekke så no må eg ut å kløyve ved nokre timar.




9 kommentarer:

Linda sa...

haha stilige sokkar!!!

bra snøen smeltar litt, om det er ei trøst so er det kaldt, vått og ufyseleg her og no....

Strikkebesta sa...

Kjempesøte lestar! Kvitt ute her også i dag tidleg, men ikkje like mykje som hos dykk. No MÅ vel vinteren gi tapt snart, seier eg, evig optimist:) Ønskjer deg ei fin helg!

Linda sa...

Her var det ikkje snø i dag, berre regn og no er det sol ute. Vedkløyving er det som er på programmet her og. Sola skin men det er kalde vind. Ha ei fin helg

Villblomsten sa...

Kjempetøffe labber :-)

Laila Munkholm Olsen sa...

Hej. Det er ikke så meget sokkerne, jeg blev facineret af, men derimod dine skønne billeder - de er lige til højeste karakter.
Selvfølgelig er billederne af sokker også fine......
Hilsen fra Danmark.

Ingun sa...

De sokkene var fine. Hvor er oppskriften fra?

mrsjohn sa...

Nice effort, very informative, this will help me to complete my task.
australia flowers
flower australia

ANNEPÅLANDET sa...

Så herlige sokker! Har boka jeg også (på engelsk), og nå fikk jeg lyst til å strikke disse.
Ha en fin dag!

Yvonne sa...

tøffe sokker!!