tirsdag 9. november 2010

Litt småtteri.

Ei ullbukse str. 2 år. Strikka i Lanett.
Sokkar strikka i viking Sportsragg. Desse er ca 36-37 og dei har eg gjett vekk for lenge sidan.
3 par lange sokkar som er strikka i Jarbo garn.Desse er veldig raske å strikke for eg trur eg brukar pinnar nr. 3,5.

4 par vottar til Oscar.Denne gongen har eg tvinna snorer som eg har sydd på så dei ikkje kjem "vekk" frå kvarandre. Desse er strikka i restar av Smart og Rubin. Har brukt mykje av restane som eg hadde liggande på vottar og sokkar no i haust.
I dag har eg fri, det er kaldt ute (-8,5) , eg skal fyre i ovnen og strikke rosa snurresokkar til ei lita jente.






3 kommentarer:

Orlaug sa...

Småtteri og småtteri........storproduksjon som vanleg hjå deg.

Linda sa...

Heisann, nei det vart ikkje noko garnkjøp. Men det er no kjekt å sjå og. Har vel litt mykje i kassane mine på loftet. må begrensa meg litt:) Skal til bergen på fredag og då lurte eg på å køyre innom oleanafabrikken.....då vert det kanskje ikkje begrensing :)

Lindas hobbyhjørne sa...

Så mye fint du har laget, mange som blir glade for hjemmestrikket ting.
Ha en fin dag, klem.