lørdag 15. januar 2011

Lappeteppedilla.

Etter at eg fann denne bloggen tidleg i Desember så har det vore mykje lappestrikking på meg.
Så mykje at eg endå har ei julegåve som ikkje er heilt ferdig (trur ikkje den nokon gong kjem til å bli ferdig heller).


Eg har rota rundt i garnlageret mitt(det er ganske så stort) og funne fram alt av restar og jamment var eg heldig og fann ein del ferdiga lappar.
Så til desse tre teppa som er ferdige no har eg ikkje laga så mange nye lappar. Det har vore mykje kjedeleg montering.
Så på det fjerde teppet strikkar eg dominoruter (trur det heiter det) for då strikkar eg dei saman etter kvart.



Og for a vere sikker på at eg ikkje blir ferdig med noko som helst så har eg starta med endå eit teppe.
Her strikkar eg vanleg rillestrikk men strikkar 4 ruter ved sida av kvarandre for at det skal bli minst muleg montering. No har eg oppdaga at 4 ruter på samme tid er litt mykje for trådane surrar seg forferdeleg mykje sammen , så heretter blir det 3 ruter .


No når eg har rota rundt i restane mine har det dukka opp litt gammalt acrylgarn og det har gått rett i bosset, for her skal det brukast berre ULL . Då må eg innom posten i mårå og få ei passeleg Smartøskje og sende dei tre ferdige teppa so noken små nyfødde i Nepal kan få det varmt og godt.









7 kommentarer:

Strikkebesta sa...

Du som har kjøpt op ein heil butikk har nok eit stort lager med tråd, ja:) Fine lappetepper du har laga, effektiv er du også, med tanke på at det er uendeleg kjedeleg å montere saman lappane!Her trengst uthald:) Eg begynte på eit teppe i dominostrikk på båttur i sommar, no har det fått kvilt seg i fem månader, så kanskje det er på tide å ta det fatt igjen - berre eg får gjort unna nokre fleire sjal, som er mi store dille akkurat no.

Sidselsidserk sa...

Det var flotte tepper! Jeg er helt imponert over både antall tepper og fargekombinasjonene.
Fortsatt fin søndag til deg:-)

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Kjære vene, sånn strikkefart og sånt et lager. Jeg er like imponert hver gang jeg er innom her:)

gimmeline sa...

Takk for tipset om Nepalbloggen :) no blir det nok teppestrikking her og! Så fint at restegarn kan kome til slik god nytte !!

Knutine sa...

Du og du,for en produksjon...Blir imponert.
Flotte resultat:-))
Har en del ullteppegarn liggende som jeg har tenkt skal bli lappeteppeprosjekt til hytta,og som skal lages der.
Har ikke klart å få med meg garnet ut fra boden enda,virker som det har lyst til å ligge på hylla der inne...hehe
Ha en flott kveld:-)

Mvh Wenche

Linda sa...

aha!!! so det er derfor det har vore so stille på skinlotoppen i det siste!!! hehe

stå på mamma!!!:)

Nintendo Lizzy sa...

Jeg har faktisk tenkt på å gjøre akkurat det samme, selv om jeg ikke har den største dungen med restegarn så har jeg noe annet crazy fargede nøster som jeg ikke vet hve jeg skal bruke til.
Stå på! =D
Hilsen Nintendo :3