lørdag 1. januar 2011

Strikkinga i 2010.

Vart visst litt lenge mellom innlegga her, men noko må utsetjast når tida blir for kort.
Jula var over på ein blunk for når ein har fri berre på "raude dagar" så vart juleveka nesten som ei vanleg arbeidsveke.Men pytt det har vore bra likevel. Familien (9-10 stk) har vore samla til middag nesten kvar dag og det har vore veldig kjekt. Masse snø har vi fått siste dagane og nyttårsafta gjekk som vanleg tross veldig dårlege veirmeldingar. Vi merka ingenting til den sterke vinden som vart meldt så rakettane vart skotne opp kl 24.00.
Har laga ein oversikt over det eg har strikka i 2010.
Kjem på at det manglar nokon få ting , men har fått med det meste.






søndag 19. desember 2010

Meir adventspakkar.

Harry Pottervottar som er strikka i dobbel Silja.
Veska er strikka i Østladnsgarn .Skulle nok vore ein mørkare raudfarge men det var denne eg hadde.

Desse er strikka i Smart og Rubin og H står for Huffelpuff. Resten av adventspakkane har posten tulla vekk. Dei vart sendt 11 desember og er endå ikkje komt fram til Setesdal.
Om dei kjem fram så vert dei nok ikkje pakka opp før utpå nyåret for i dag kjem jenta heim på juleferie og det gledar vi oss til.



torsdag 16. desember 2010

Strikke -strikke.

Har strikka litt julegåver i det siste.
Odessa-hue strikka i dobbel babyull og baktus-skjerf i babyull.
Hue i Smart og Baktus-skjerf i babyull.
Spiderman-hue i Smart og

tova vottar som endå manglar snorer,men dei er det fort gjort å lage.






søndag 12. desember 2010

Adventskalendarpakkar.

Eit par med Harry Potter sokkar.Strikka sokkane og sydde på motivet oppe på sokken og på hælen.Dei er strikka i Silja.
Og eit par til. Strikka på samme måte som dei over.
Eit par med Batman-vottar.Strikka vanlege vottar og sydde det gule på til slutt. Dei er strikka i dobbel Silja.




tirsdag 7. desember 2010

Adventspakke.

Sjølv om den yngste i huset er 17 år så fann eg ut at sidan ho bur så langt heimafrå så måtte ho få adventskalendar.
Og som vanleg så kom eg på det altfor seint. Planen var å strikke 24 ting , men det klarte eg ikkje(sjølv om eg fekk hjelp av eine storesøstra hennar som strikka 3-4 ting).
Så noken få ting måtte kjøpast. Eg kjem til å legge ut bilder av det eg har strikka etter kvart som det blir pakka ut.
Det første er desse sokkane. Sidan Nina er ein stor Harry Potter-fan så må desse sokkane passe godt. No har eg aldri sett ein Harry Potter-film så har eg ikkje peiling på namn eller noko ,men sjølv kalte ho dei Ravnklo-sokkane.
Dei er strikka i Silja og fuglen og bokstaven bak på hælen sydde eg på til slutt. Mønsteret fann eg på Ravelry.


mandag 6. desember 2010

Hanskar med havskummønster

Desse hanskane strikka eg i helga. Dei er strikka i Silja og mønsteret er i eit hefte frå SandnesGarn som heiter tilbehør.
I dag hadde eg dei med på jobb og gav dei til ei som eg jobbar saman med som har bursdag i dag. Ho vart veldig glad for dei og det er kjekt å gje vekk sjølvlaga ting når dei blir sett sånn pris på.

søndag 5. desember 2010

Karius eller Baktus?

Er ikkje heilt sikker men trur det er Baktus. Uansett om det er det eine eller andre så er det kjempegodt å ha rundt halsen no i kulda. Har til og med brukt det inne når eg kjem heim og det er litt kaldt i huset.Det er strikka i Babyull og eg har brukt 96 gr. Skal lage fleire sånne men då vil eg ha det litt større.