torsdag 1. oktober 2009

Raggegarn.

Går det å vaske dette harde,stive raggegarnet før eg strikkar av det ? Det har eg lurt på i fleire dagar no.Eg angrar på at eg har kjøpt det kvar gong eg strikkar med det og no ein kveld kom eg på at eg skulle prøve å vaske det først.
Leikestativet til Oscar passa fint som "hespetre".
Her ligg det vaska og tørka og kjennest mykje mjukare.Så får vi sjå i helga om det er verdt arbeidet med å lage hesper,vaske det og nøste det opp på nytt.Veit forresten ikkje om det blir så mykje strikking i helga for i morgon etter jobb reiser vi til Dønfoss camping og gjer ferdig byggeprosjektet som vi held på med.Der er det meldt kaldt og snø så i kveld må vi pakke termodress,vintersko og vottar.

Eg har ikkje så mykje ferdige ting å skryte av.Har altfor mange ting under arbeid men desse sokkane er ferdig og klare til bruk.Dei raude og svarte er strikka i Silja og dei skal eg gje til nokon som snart har bursdag.Dei lilla er strikka i tråden eg kjøpte på Hillesvåg.Like stivt og hardt å strikke som raggegarnet så kanskje det og må vaskast før strikking.






5 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Husk å legge på vinterhjul da, før dere drar. God helgetur!
Mye jobb å vaske garnet før en strikker, men det raggegarnet er "en pest og en plage"

Linda sa...

eg har nåke sokke-greier-garn du kan få! slikt med fleire fargar, ikkje noko for meg. huskar ikkje kva det heiter eg...

men men!

flotte sokkar! kos dåkke på Dønfoss!

Strikkebesta sa...

Flotte strømper du har strikka! Sjølv om det er mykje arbeis å hespe opp, vaske, tørke og nøste opp att, så er det kjekt å eksperimentere, og blir resultatet som forventa, så er det vel verdt arbeidet:) God tur! Eg skal ut og køyre sjølv på laurdag, eg klarte å lokke Oslostudenten heim ved å love å høyra han attende, så no blir det både Oslo- og Sverigetur på meg i haustferien. Og eg skal skifte til vinterdekk før eg legg i veg:)

Orlaug sa...

Litt av ein jobb før du kan begynne å strikke......men hvis det hjelper er det vel verdt det.......fy søren kor flotte sokkar....og so laaange.
Kjempefine!!
God helg og god tur!!!

Unknown sa...

Synd det ikkje va eg som hadde bursdag, eg ønska meg sånne sokka til jul!