tirsdag 13. april 2010
For sein .
Ja har ein for mange jarn i elden blir ingenting ferdig og sånn er det med meg no.Bestemte meg tidlegare for at når døtrene mine hadde fødselsdag så skulle dei blant anna få lange heimespøta sokkar.Første paret måtte vere ferdig 17 mars og det gjekk fint.Festa trådane rett før vi skulle på kakefest ,men ferdige vart dei iallfall. Andre fødselsdag var i går.Då var det nest eldste dotter sin tur.Fargeønskje har eg fått for lenge sidan og so langt er eg komt dagen etter at sokkane skulle vore komt fram til bursdagsbarnet. Eg får trøste meg med at våren er komt til Rotterdam og lange ullsokkar er det nok ikkje bruk for før langt ut på hausten. Men då SKAL dei vere ferdige.
I morgon har eldste dotter fødselsdag og der ligg eg visst like dårleg an.No har det seg sånn at om eit par timar så sit ho på eit fly på veg til England på ferie så eg har ti dagar på meg til å få dei ferdig,men tvilar på om det går.
5 par raggsokkar er det einaste eg har fått til dei siste vekene.Men så er dei så enkle å strikke og ein treng ikkje tenkje på mønster,berre litt striper innimellom.
Då tenkjer eg heller på kor henne eg skal grave neste gong eg tar på meg arbeidsklea og går ut. For det er stort sett det eg helde på med om kveldane no.Har så mange planar at eg veit ikkje heilt kor eg skal begynde og har lyst å gjere alt på ein gong.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar