onsdag 18. august 2010

Utviding av platting.

Tidlegare i sommar laga vi ein liten platting rund trappa som kjem ned frå verandaen.Før låg det nokre lause heller der men det voks så mykje ugras mellom dei og under trappa der det og var muleg å slå.
I ettertid har vi funne ut at der er i grunn bra fint å sitje der og sjå innover dammen så det vart bestemt at plattingen skulle utvidast. I går etter jobb manna eg meg opp og begynde å grave vekk torva.Det var fort gjort for det vart berre to trillebårer med torv å køyre vekk.

Så når mannen i huset kom heim var eg klar.Eg er litt slu og planlegge støyping på kveldstid for då har ein sterk mann som kan køyre opp trillebåra med sement for det er forferdeleg tungt. Og etter eit par timar var utvidinga ferdig. På enden av vegen til høgre skal eg ha ei trapp opp den vesle bakken . Den skal sjølvsagt vere av stein men eg har ingen som er store nok så eg må ut på leiting etter passeleg store og flate steinar.






5 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

Du store all verden så flink du er. Det skulle bare mangle om du ikke skulle få litt trillehjelp:) Dette blir flott og det blir fortsettelsen med trappa også.

Linda sa...

haha akkurat passe slu;)
blir fott det der!!

Sidselsidserk sa...

Så fint du hadde det! Det er ikke å være slu - det er kvinnelist:-)

Rosa sa...

De er flinke! Og litt kvinnelist må til i ny og ne ;) Tippar det vert flott å sitte der med kaffikoppen og nyte den flotte dammen de har laga!

Linda sa...

Dette vert kjempe fint. Dammen din er og fin. Korleis har det gått med fiskane dine i sommar, fekk du kjøpt deg nye?