fredag 15. oktober 2010

I full fart !!!

Er innom i full fart for å fortelje at i morgon set vi oss på flyet til Amsterdam for å besøkje denne gjengen(borneborna og dotter vår). Ei heil veke får vi i lag med dei og det gledar vi oss veldig til!!!

Har strikka litt og. Ei ullbukse i Smart og Rubin i ca 1.5 år. Den passa heilt flott til han som skulle ha den.
Sidan dei minste i barnehagen brukar strikkavottar så fekk eg jamment bestilling på det og.
2 par er ferdige ,men eg må nok lage fleire når eg kjem heim igjen.
Desse er strikka i restar av Smart og Rubin.
Har pakka masse strikkesaker så eg skal nok ikkje kjede meg på turen !!




6 kommentarer:

♥ Gamleheksa ♥ sa...

GOD TUR!!!!!!!

Stubbetufsa sa...

Det blir vel bare på flyet du når å strikke! God tur!

Mormor sa...

Riktig god tur. Tenker både store og små gleder seg til denne uka jeg :-)

Strikkebesta sa...

GOd og varm ullbukse, og fine vottar! GOd tur, kos dykk:)

Rosa sa...

Åh, kor dei gler seg, dei som ventar på deko! håpar de får ei knallkjekk veke ilag.

Og så flott at du har sendt så mykje prematur-kle - det er ting som vert sett pris på, det er eg heilt sikker på! (Då H var fødd fekk ho heimestrikka hue på seg på føden på Voss. Veldig kjekt!)

Sidselsidserk sa...

God tur og kos deg masse:-))